Løypemøte på Ofte

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2019 kl. 13:32 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesteinen for løypemøtet på Ofte i Høydalsmo.
Foto: Per Ormestøyl (2017)

Løypemøte på Ofte i Høydalsmo i Tokke kommune skal vere det fyrste skirennet som var planlagt, organisert og som premierte dei beste skiløparane. Skirennet vert slik rekna som det fyrste i historia og syner byrjinga på den moderne skisporten.

Skirennet, eller løypemøte som det vart kalla, vart arrangert 6. februar 1866. Det var dr. Andreas Rasmusson Bakke (1813-1906) i Lårdal som fekk i stand rennet. Saman med dåverande ordførar i gamle Lårdal kommune, Nils Lauritz Wiborg, og sakførar M. R. Florentz frå Kviteseid, var han sjølv domar under rennet. Til rennet kom det utøverar frå fleire bygder i Telemark. Blandt desse finn me mellom anna Sondre Norheim frå Morgedal, Øystein Lid frå Høydalsmo, Halvor Torkjellson Ofte frå Høydalsmo og Ådne Guldkop frå Lårdal.

Det noko uklart kven som vann rennet på Ofte. Hovudteorien går ut på at det var ein Slettemeås frå Ordal som vann, framfor to andre ordølar. Sondre Norheim skal ha kome på fjerdeplass, men han vann til gjengjeld Uvyrdslåmi frå Premienuten framfor Ådne Guldkop frå Lårdal.

I 1966 vart det feira 100-årsjubileum for løypemøte. Skirennet frå 1866 vart rekonstruert i same bakke der rennet vart gjennomført hundre år før. I samband med jubileet vart det reist ein minnestein over løypemøte i 1866 attmed E134. Minnesteinen vart seinare flytt nærare sentrum.

I 2016 vart det feira 150-årsjubileum.

Kjelder

Eksterne lenker