Mållaget Dag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Logo på framsida av Mållaget Dag si 80-års jubileumsskrift.
Foto: Mållaget Dag, Mållaget Dag 80 år, Skien, 1986.

Mållaget Dag blei skipa 25. mars 1906 på Frk. Kristoffersens Kaffehus i Skien. Laget var innmeldt i Telemark mållag og Telemark ungdomslag.

Historikk

Initiativet til stiftinga av Mållaget Dag kom frå 19 kvinner og menn som kalla inn til skipinga av eit mållaget for Skien og Gjerpen. Blandt dei 19 finn ein A. Brendalsmo, Eivind Straume, O. T. Sporastøyl, Viggo Ullmann, Jon Garborg, Signe Bergve, Sigrid Bergve og Daniel Grini. Laget vart stifta under møtet 25. mars 1906. Dette var berre litt over éin månad etter at Noregs Mållag blei skipa i Oslo (4. februar 1906). 8. mai vart namnet Mållaget Dag vedtatt etter framlegg frå Jon Garborg. Namnet er truleg ei oppkalling etter stormannen på Bratsberg, Dag Eilivson og Gregorius Dagsson.[1]

I 1915 kjøpte laget Bragegården i Prinsessegata 7 i Skien. Året etter opna dei "Dag" Kaffistova i lokala. I 1927 opna "Dag" Bondeheim i dei same lokala. Denne vart seinare utvida fleire gonger. I 1949 hadde den 26 sengeplassar.

Mållaget Dag arbeidde stort sett etter dei same linene som eit bondeungdomslag gjorde. Dei freista å lage eit "norsk" miljø i byen, og ville vere ein samlingsstad for bondeungdom.

Mållaget gjorde opptakten til å reise Vinjestøtta, skipa Telemark Målkontor og gav ut vekebladet Telemark Tidend.

Kjelder

  • Mållaget Dag, Mållaget Dag 80 år, Skien, 1986.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Mållaget Dag, 1986, s. 9

Galleri