Mølme (Lesja gnr. 9/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. jan. 2023 kl. 10:22 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Fjerner gammal "Under arbeid"-mal)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mølme
Utsyn-kyrkjetårnet-Lesjaskog.jpg
Utsyn frå spiret i Lesjaskog kyrkje mot Mølme med hotellbygningane.
Alt. namn: Mølmen
Fyrst nemnd: 1726
Rydda: mellom 1710-1720
Stad: Lesjaskog
Sokn: Lesjaskog
Fylke: Innlandet
Kommune: Lesja
Gnr.: 9
Bnr: 6
Postnummer: 2668

Mølme, dativ Mølmen, var frå starten husmannsplass under Øverlie i Lesja, truleg rydda ein gang mellom 1710 og 1720, nemnd første gang i ei skriftleg kjelde i 1726. Gardsnamnet er ikkje sikkert tyda. Oluf Rygh er usikker; han meinte det kanskje kunne ha samanheng med eit plantenamn. I eit avisklypp utan kjeldetilvising, men med formuleringa som kan tyde på at det er skrive av Eivind Vågslid, er tydinga at namnet er avleidd frå hankjønsordet malm, sandslette, «av di garden ligg attmed ei sandslette i og ved ein elveos» - og det stemmer rimeleg bra.

Det må ha vore flinke folk som dreiv plassen. Brukaren lånte pengar i 1773, og mellom det han pantsette var det to hestar, to kolkorger og fleire sledar. Ut frå det må han og sønene hans ha drive produksjon og køyring av trekol for jernverket.

Litteratur