MB «Ekvator»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. mar. 2015 kl. 10:52 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (→‎Forlenging: lagt til lenkjer)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Høydalsvik og Håkon Berg er her i gang med driving.
Foto: Magnar Høydal (1968).

MB «Ekvator», M-100-H, bygd i 1960 ved J. R. Aas Skipsbyggeri A/S, Vestnes for Oddvar, Kjell, Karstein og Helge Farstad, Lepsøy. Lengd/br/dj i fot var 63,0/18,7/9,9, tal frå fiskeriregisteret 1966. Det vart innsett 120-150 Heimdal. I 1965 innsett ny Caterpillar på 300 hk. «Ekvator» vart forlengd ved L/L Vik Båtbyggeri i 1968. I fiskeriregisteret 1973 er L/br/dj no 75,7/19,0/9,5. Om båten er målt på same måte begge gongane er forlenginga 12,7 fot.

Forlenging

Korleis forlenginga på «Ekvator» var gjort er ikkje råd å dokumentere, men ei normal arbeidsrytme kan vere slik det her er oppsett. Barlasten i båten måtte fjernast. Det er oftast mykje betong med stein i. Ein kunne kappe båten tvert av men vurderte heller kva plankar ein ynskjer å behalde med lengda, for å få til gode omskot. Båten skulle lengast med rundt 3,5 m og for å sleppe å rive hud langt fram i lugaren eller bak i maskinromet vart omskota vurdert. Det er årsaka til at ein del plankar vart løyst til kvar side i forhold til forlenginga. Dette kan vera eit plyndrete arbeid. Spikarane i plankeskøyten overvass er innsenka og proppa, på spikarhaudet vart det sveist eit hald for kubein så ein fekk drage ut spikaren. På støytboltane måtte ein meisle av nodinga (noding er det som vert klinka ut så boølten får haud) så dei kunne jagast inn, slå dei inn med eit jag (ei stålstang litt under bolten sin dimensjon). Om støytboltar er der opplysningar sist i avsnittet om resten av huda. Trenaglane kunne ein delvis slå inn og dels bore ut. Bjelkevegarane på innsida vert merkte korleis dei skall skøytast dersom ikkje dei gamle laskeskøytane kan brukast. Olje i hydraulsystemet må nedtappast så røra kunne demonterast.Vurdere omskota på kjøl og kjølsvin og om ein der kunne bevare laskeskøytane. På dekk tok ein opp lukekarmen, dekket ellers er stortsett å kappe. Kan vere eit atterhald på plankar som går bakover tanktoppane og kjem i konflikt med reidersboltane. Alt listjarn der båten vert delt må vekk.

På slippen vert båten set i lodd og ei pute er plasert på akterskipet og ei på forskipet, på Vik vart det på styrbordsida. Babordsida vart sikra med bukkar og støtter. For støttene kan ein grave ut drevet i ei nat og legga på ei stålplate med påsveist kant som går inn i nata, då har ein eit godt hald for ei støtte. Om støtta har dårleg grunn å stå mot grov ein ned brett. For forskipet vart det ordna ei pute på ei midlertidig slabeit. Som ekstra sikring vart det ofte lagt opp krysslad der ein kunne følje etter med ein stor kile. Før ein kan dra framskipet frå akterskipet må akterskipet sikrast med ei brok under slipprenna og over helen. Sleden båten står på må kappast. Same kor godt ein sikrar på ein slipp av denne typen er det ei spenning når ein skal draga i ser (frå ein annan) ein så stor båt, det er mange tonn. Når forskipet var drege så langt ein ynskte må springet på båten justerast så han ikkje vert bein (utan spring) der forlenginga er. Forskipet må då lyftast litt opp i forkant. På Vik hadde ein ikkje anna enn diverse «donkrafter» og det vart bygt opp krysslad som ein brukte å kile på. På «Ekvator» vart det lånt ein stor oljejekk frå ei anna bedrift. For å fylje med når framenden vert heva vert det sett ei rei eller ri (tyder det same) i skandekkshøgd for å sjå når springet var høveleg. Akseptabelt augemål er ein fordel.

Oppattbygging

Først vert det sett inn ny kjølskøyt og deretter vert det laga nye spant. Her vert det laga modell av det neraste attståande spantet og vidare oppbygging er sameleis som ny båt bygd på doblingspant. Den vanlege byggemåten er omskrive i artikkelen Hud og dekk. På «Ekvator» skulle det no byggast fryserom. Det vart lagt frå lugarskotet og 2,5 m bakover i heile båten si breidd. Nedgang frå luke på babord side, luke med karm som romluka, Veritas reglar. Romet vart innvendig behandla med glasfiberarmert polyester. Resten av romet (lasteromet) vart ordna som vanleg med bingestøtter, før barlasten vert støypt inn.

Eigarar

  • 1960 ny båt, Oddvar, Kjell, Karstein og Helge Farstad, Lepsøy. Brørne Farstad fiska med line frå Island, Færøyane og til vest om Irland. Dei brukte og garn etter sei. Etter avtale med Færøyiske fiskerimynde kunne dei fiske med seigarn i eit bestemt område. Det vart eit misslukka prosjekt, området det var gitt løyve til var ubrukeleg for garnfiske.
  • Seld 1975 til Peder og Egil Andreassen, Ålesund, omdøypt til «Strandagut» M-28-A. Dei og drifta med line.
  • Seld 1979 til Trond Stordal, Farsund og om døpt til «Jill Renate», VA-29-FS.

Kondemnert 1986 og stroken i registeret i 4.5.1988.

Bilder

Kjelder