MB «Hai»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
Foto: Magnar Høydal (1962)

MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor «Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden.

På Vik

I 1961 vart det bygt ny kaising, overbygg og egnarhus, galgedekk også på styrbord side. Bak kaisinga eit lite enkelt toalett. Det vart og innreidd ny lugar og kahytte. Sjå også båtlista for Vik, der er oversikt på andre båtar det er artiklar om.

Eigarar

Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst. Som før nemnt vart båten kondemnert i 1985.

Frå 1952 til 1978

Ragnvald P. Flusund fekk i 1952, Peder og Olav Leine med som eigarar. Peder Leine var skipper til han gjekk i land midt på 1960-talet, då helsa svikta. Seinare var det Gerhard Leine som var skipper. I deira tid som eigarar vart båten brukt til sild og torskefiske om vinteren. Elles var det kystfiske, men dei var også på bankfiske ut for Nord-Norge og på Tampen. Båten var også ein tur på håbrandfiske.

Frå ut på 1960-talet var dei fleire sesongar på brugdefangst, då var dei eit mannskap på 4 mann. Eit år på brugdefiske vest av Røst, fiska dei kvota frå måndag til tysdag middag. Då hadde dei 34 tonn på knappe 18 timar. Det var kortaste turen dei hadde hatt. Under gode forhold brukte dei 8 minutt å gjera ferdig ein fisk. Ein tur det vert fortalt om var i første del av 1960-talet. Då gjekk dei ut nordvest av Runde. Ein båt på veg til Island kalla opp brugdebåtane og fortalde om mykje fisk. Så dei, og mange andre la om kursen, og gjekk til posisjonen dei fekk oppgitt. Når dei avslutta den turen var dei komne 100 mil nord av Runde. På den turen talde dei vel 50 båtar som var på same fiske. Ei veke tok turen, då hadde dei full kvote. Prisane i den perioda var svært gode, så det vart ein av dei beste turane dei hadde hatt. Mannskapslotten vart på mellom 11 og 12000 kr.

Med torskegarn i Lofoten

I 9 vintersesongar var dei i Lofoten med torskegarn, dei var då seks mann. Karl Johan Vatne frå Sunnmørsposten var med i 1971 og laga reportasje frå Lofotfisket. Han gledde seg til å sjå den berømte Lofotveggen. Då dei gjekk ut om morgonen i sekstida, var det ein heilt annan vegg dei fekk sjå, skriv Vatne i Sunnmørsposten 1 mars 1971. Det var ein kompakt vegg av snøveir, og som begrensa sikta til rundt hundre meter. Han fekk age for skipper Gerhard Leine, som etter om lag ein times gange gjekk rett på garnsetninga. I veir med dårleg sikt er det kompassen og klokka å stola på, «Hai» hadde ikkje radar på denne tid. Når bøya er huka og draginga tek til, finn kvar mann sin plass. Garna skal gå bakover etter kvart dei kjem inn, og på vegen skal fisken ut. Bak vert garna greidde i garnbingen etter kvart, klare for å verta sette på nytt. I rorhusglaset, det er forresten ope, fyl skipperen med, og andøvar heile tida slik at setninga kjem rett inn på suta.

Vatne fekk sjå noko av kvardagen til denne yrkesgruppa. Når det er mykje slingring, og i tillegg snøbyger, vert arbeidsdagen slitsam. Siste dagane har det vore litt labert fiske. Så vona er at sørvesten siste dagane har vendt fisken innover. Fyrste halva av setninga hadde berre to tre fisk på garnet, men så auka det på til ti tolv og då ser alt lysare ut. Det vart faktisk så lyst at Sunnmørsposten sin utsende, i nokre glimt, fekk vissheit om at Lofotveggen var der. Etter at siste lenkja var om bord vurderte skipperen fangsten til om lag fire tonn. Når dei kom i hamn i Henningsvær, kunne Vatne gå til hotellet å få seg nokre timars søvn.

Før mannskapet fekk fri, skulle dei levere fangsten. Det var til Aarsæter sitt anlegg i Henningsvær. Å sprette fisken klar for levering, tok om lag tre kvarter på tonnet. Etterpå skulle kai og båt vaskast, alt måtte vera klart til neste dag. Ei av garnsetningane hadde fått så mykje skade etter fem vekers drift, at den tok dei med til hamn. Dei sette då inn nye garn i staden for dei dårlege. Tal garn kvar båt kunne bruke var regulert. På «Hai» kunne dei bruke to lenkjer på 45 garn.

Sesongen varde frå omlag midten på januar og til påske. Var påska tidleg venta dei til over påskehelga for å sjå korleis fisket vart. Var det bra kunne dei drifte noko til utover, men oftast reiste dei heim i midten av april.

M-94-HØ «Hai» vart stroken i Skipsmatrikkelen 18.07.1985.

Bilder

Kjelder