MB «Joffre» M 13 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Joffre»

MB «Joffre» M 68 G i Giske kommune

Bygd 1922 som JOFRE M-68-G for Nikolai Olsen Støbakk, Godøy. Lengda var 29,5 fot, og det vart innsett ei 10 år gammal 6 hk Gideon. Forlengd på Godøy i 1931 til 37,5 fot og innsett ei brukt 14 hk Volda. Sletta 1937 som fiskebåt.

MB «Joffre» M 25 VD i Vartdal kommune (seinare Ørsta kommune)

Seld til Olav Vartdal m.fl., Vartdal, og registrert januar 1938 som JOFRE M-25-VD.

MB «Joffre» M 156 A i Ålesund kommune

Seld mars 1941 til Elias Vinje m.fl., Ålesund, og registrert M-156-A. Overteken seinare same år av Einar Vinje, Ålesund.

MB «Joffre» M 138 S i Sande kommune

Seld 1942 til Olav Myrvoll og Rolf Simonnes, Kvamsøya, og registrert M 138 S, byggeår 1922, L/B/D: 37,5/11,6/5,5 norske fot, motor Volda 18 HK 4-takt semidiesel "glødehaudmotor" frå 1914. . Båten var ein kutter med «svinerygg» og ein romsleg lugar med lugarkappe framme. Den har vanleg mekanisk spel med «lineskive» og «kopp» drive av framdriftsmotoren.

MB «Joffre» M 13 VA i Volda kommune

MB «Joffre» M 13 VA eller «Stylkå/Joffå» blei kjøpt av Årset notlag i Austefjorden 3. januar og registrert i Merkeregister for Volda 2. mai 1952. Ved kjøp var notlaget klar over at båten var dårleg og måtte reparerast. Saumen var dårleg og det var rote i hekken. Båten skulle på slipp ved Volda Mekaniske Verkstad. Den vart lagd på Volda hamn kvelden før, her sokk den og det vart eit styr med heving og slippsetjing. Reparasjonen var oppattklinking, avsaging av hekk, isetjing av spegel og ombygging av rekkeliningen ned på spegelen. Dette vart ein svert vellukka konstruksjon til notbruk. «Joffre» vart lett å entre frå småbåtar. Etter ombygging var båten omlag 2 fot kortare, men på grunn av måten båt var målt på (fra forkant av forstevnen til akterkant av øvste ende av akterstevnen) har den framleis same mål som før i merkeregisteret.

Det var ikkje til å unngå at båten fekk namnet «Stylkå» (ei høne som har misst vølefjørene) av oppfinnsome tilsette på Volda Mek. Motoren vart bytt eit år etter kjøp grunna slitasje og driftsproblem. No vart innsett ein brukt «Volda»-motor på 22 HK. Desse 22 HK-motorane hadde eit problem som dukka opp etter mange års bruk. Kjølevasspylinga sleit hol i sylindarveggen og det lak kjølevatn inn i sylindaren med motor-reparasjon som resultat. Dette skjedde her og på tur ut Voldsfjorden ein dag. Den vart så rar i lyden, rauk kvitt og stoppa.

I notlaget vart båten brukt til snurpenota der nota låg framom rorhuset på ein flake i heile båten si breidd. Der var 2 – 3 tommar mellom dekk og flaken, lufting for å hindre råte. På styrbord hjørne av rorhuset stod ein rull som verna ved setjing av not. Snurpelina vart dregen inn med det motordrivne spelet. Nota vart teken inn att med motordriven høg «sute» på styrbord side, derfor var det lett og godt å arbeide med nota. Suta var laga av Knut Årsetøy (Øya-Knut) og fyrst montert ombord i MB «Trygve» M 18 VA (1909) som Årset notlag leigde då laget kjøpte snurpenot. Ved klargjering av «Joffre» vart suta flytta over hit. Den fungerte fortreffeleg Sjå filmstubb tilknytt artikkrl).

Ein leigde eit Atlas ekkolodd med turt papir med Karl (Kalle) Årset i 1953 og 1954 og hadde det i MB «Litleveiren» M 20 VA fyrste året, det vart kjøpt og montert i «Joffre».

Etter kvart vart dekket og rekkestøttene dårlege/opprotne og båten vart dregen på land ved nothuset, der låg den til den vart brend ca. 1965. Den vart utbytt med MB «Tempo» M 114 VA. «Joffre» er ein av innkjøpte båtar til Volda kommune som ikkje vart omregistrerte i Register over merkepliktige norske fiskefarkostar ved overføring frå Sande til Volda.

”Det kunne ha gått so spikande gale”

Sommaren 1956 fekk MB «Joffre» ein stygg skade, sjå også Årset notlag.

Båtbyggeriet på Straume

Når notlaga flytta på seg etter fjordane var det vanleg at når veret tillet det la dei alle båtane i ein flote og greidde seg med ein rorgjengar på tyngste båten. Så fekk dei andre ete, sove og gjere vedlikehaldsarbeid.

Volda 4-takts-motor av same type som i Joffre
Volda 2-takts-motor av tilsvarande type som i Joffre


Vanleg opplegg med utgangspunkt i tyngste båten var; øyrebåten i sine feste på styrbord side, loddebåten og færing hengande bak. Sleparen på babord side. Alle båtane med tilpassa tau (tampar) slik at dei låg fint på bårene frå tyngste båten. Så let ein motorane på notbåt og slepar gå på ”full tamping”, surra rattet på sleparen og greidde seg med ein rormann.

Denne dagen i 1956 låg Årset notlag for Geislida og gjorde klar for heimtur. Det ulukkelege denne dagen var at tampen frå baugen på ”Lissjeveiren” til baugen på ”Joffre” etter lang tids bruk vart for veik for bruken.

Båtane gjekk fint i sjøen, motorane gjekk for fullt. Det var rormann i styrehuset på ”Joffre” og ledig mannskap var framme i lugaren og sov eller tok seg mat. Rormannen på ”Lissjeveiren” hadde og vore på ”Joffre” ei stund og hoppa tilbake for å sjå etter eit kvart. I det han landa i ”Lissjeveiren” small det.

Baugtauet mellom ”Joffre” og ”Lissjeveiren” slitna. ”Lissjeveiren” skar ut, han hang framleis fast etter baktampen, svinga rundt om babord og rykkte ut rekka og dei to øvste bordgangane, fram til bordskøytane, bak på den klinkerbygde ”Joffre”. I lugaren høyrde dei naturlegvis tilburden og ville fort ut, det vart trangt i lugarkappedøra.

Der var att knappe to tomar fribord. Hadde tredje bordgangen fylgt ut så hadde ”Joffre” gått rett ned. Karane summa seg litt og heldt ”skipsråd”, så endra dei kurs og gjekk opp i Straumen i Kilsfjorden til han Rasmus Straume f. 1887 bruk 97/6. Det vart ikkje sagt så mykje. Han Rasmus snudde skråa i munnen nokre gonger, tok nokre mål og gjekk for å leite etter lagelege emne. Heile notlaget vart sett i arbeid, dette var praktiske og hendige folk. ”Joffre” var ferdig reparert med bordgang og rekke på plass før dei tok på heimtur. Reparasjonen vart betalt med kr. 245,00.

Vel heime vart dei nye borda smurde eine gongen føre og den andre etter for at hendinga ikkje skulle vere alt for synleg. Dette lukkast ikkje, så påminninga om at ”so nere, so nere hev berga so mang ein” fylgde båten så lenge den varte.

Etter denne hendinga vart det hivt mykje tvilsamt tau i Årset notlag.

Motorar

1922: Gideon 6 HK, byggeår 1912.

1931: Volda 18 HK 4-takt, byggeår 1914. (I Merkeregister for Volda står 1918, men pytt, pytt, informasjonen er ikkje lik i registera). Når desse motorane gjekk på sakte tomgang sa folk: Ein smell idag og ein i morgon. Stod i båten til 1953.

1953: Kjøpt brukt «Volda», 22 HK 2-takt-motor av Gerhard Kvalsvik, Herøy.

Bilde frå Årset notlag med MB «Joffre» og MB «Litleveiren»

Bileta er meint å syne korleis korleis Årset notlag brukt båtane sine. Båtane stod på land om vinteren når Austefjorden er islagd. Om våren blir båtane botnsmurde og sjøsette. Frå nothengjet blir snurpa teken på på notbåten og stengjenøter og tauverk på sleparen. Snurpenota blir handtert frå MB «Joffre» ved hjelp av øyrebåten og med MB «Litleveiren» som slepar. Basen i loddebåten er arbeidsleiar.


Kjelder

Informantar

  • Aarset, Hans 1936 - 2015, som har vore med i Årset notlag og har gått gjenom rekneskap og notat
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951