MB «Litleveiren» M 20 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
MB «Litleveiren»
Reg.nr.: M 20 VA
Type: Klinkerbygd gavlbåt i tre
Byggeår: 1937
Båtbygger: Jon J. Bjørkedal
Sted: Bjørkedalen
Mål: 29,0 / 9,6 / 4,4 engelske fot
Motor: «Nygrei» 18 HK 2-takt semidiesel-motor frå 1928. Delvis ombygd tii Volda-motor 1937
Eier: Årset notlag, Austefjorden

MB «Litleveiren» M 20 VA. Bygd på Bjørkedalen til Årset notlag som eigde og brukte båten så lenge den varte.

Båten hadde krum stamn og stemne/stemnestykke (mellomstykke frå fremste ende av kjølen skråande opp i 2 fots lengde til bakkant av framstamnen på ein 30-foting).

MB Litleveiren set Landnota
MB Litleveiren M 20 VA slepar

Denne konstruksjonen, at stamnen starta langt bak under båten, var vanleg på gavlbåtar bygde til bruk med landnot. At kjølen vart kort gjorde båten rask å svinge/styre (når du jakta på fisk fylgde du ofte fjøra med lite klaring). Når du skulle drage fram nota var det viktig å kome godt fram i fjøra med båten slik at det vart lite klaring under nota for å berge fisk. Brukarane sa det ofte på denne måten: "Båten var god i fjøra". Ved bygging hadde den runde kjølforma den fordelen at det var lett å "få båten utyve", å gi den ein "rund bunkje" (rund i botnen med god berevne). Ulempa var at båten flaut så høgt i sjøen at den ikkje fekk "vatn på tvora (propellen)" når nota var i sjøen (lite last bak). Båtane var derfor ofte uberegnelege ved manøvrering utan last, propellen drog luft ved oppbakking og gikk i fjøra eller kaia med for stor fart. Var det fleire ombord samtidig såg ein ofte at ledige folk gjekk så langt bak på båten dei kunne når tida for oppbakking nerma seg for "å få vatn på tvora".

Det er alltid slik at gode eigenskapar ein og annan gongen blir nytta over evne: Ein Austefjording fortalde at han var mannskap på ein av desse landnotbåtane eit av åra rett før 1950. Dei hadde sett landnota på langgrunn, mjuk fjøre i Vanylvsfjorden. Eigenskapane til notbåten vart nytta fullt ut, dei drog den godt fram i fjøra, men på fellande sjø. Båten saug seg fast i den mjuke botnen. Kva som vart sagt vart ikkje sitert fullt ut, men båten la seg på sida etter kvart som sjøen fall. "Når nauda er størst er hjelpa nærast" heiter det. Ei hes; og eit anna gamalt munnhell seier "det er så mangt med ei hes". Eit lyst hovud såg ei nyhesja hes. Nokre av karane hivde seg i robåt, tok ut høyet, tok ned hesa og lånttok hesveden (staurane). Hesveden sette dei så tett langs båtripa i den mjuke botnen. Båten vart stabilisert i rett, ståande stilling. Sjøen fall ut, vende og flødde att til båten flaut. Nota vart ordna, hesa vart sett opp att og graset lagt i. Bonden, som var lite blid i starten, vart vel fornøgd, landluten var normalt 2 prosent av fangstverdien.

MB «Litleveiren» hadde dekk framme med ei luke i som nedgang til lugaren som fyrste tida var brukt til lasterom. Då det vart kjøpt snurpenot og det vart bruk for køyplass av den grunn at notlaget fangsta i eit større område vart det innreidd lugar med lugarkappe og to køyar. No vart det og behov for høgare rorhus. Nytt rorhus vart bygt av Knut og Andreas Årsetøy på eige initiativ.


Bak rorhuset i båten var gangvegar på ca. 40 cm breidde på begge sider. Nota låg i notbinge (sjå bilete av: MB «Levan» M 10 VA ) som var litt høgare enn gangvegane. Det var brukt romluker over nota, desse kvilte på kanten av notbingen. Når nota var turr vart det brukt presenning over romlukene. Når nota var i bruk vart romlukene lagde på rorhustaket. I 1948 vart landnota forlengd med 20 famner, til 140 famner, og nedrend (gjort djupare) frå 9 til 11 famner. Då vart notbingen oppripa (gjort høgare) med ca. 30 cm. Båten hadde eit handdrive mekanisk spel med tannhjulsnedveksling, drive med to sveiver, plassert framom rorhuset. Notlaget hadde to like, handdrivne spel, eitt her i «Lissjeveren» og eit i spelbåten / øyrebåten.

Notakarane var misnøgde med å drage not inn på båten når den låg i fjøra med stamnen fyrst. Derfor fekk "Øyakarane" i oppdrag å konstruere motordriven sute på styrbord side, sjå bilete AMU-0046 01. Dette vart ei fortreffeleg god løysing. No la dei båten med babord side i fjøra og motoren i gang. Det vart mykje lettare å ta fram Landnota og enklare å berge fisken.

Motoren fekk innsett «Longva-topp» på Volda Mekaniske Verkstad av «Bulder-Ola», Ola Årsetøy ca. 1946.

Registrert i Statens fiskeriregister inn 1938, ut 1973. Fyrst brukt til storenota / landnota. Etter snurpe var teken i bruk vart den brukt til slepar. Ein leigde eit Atlas ekkolodd med turt papir med Karl (Kalle) Årset i 1953 og 1954, dette ekkoloddet vart kjøpt og montert i MB «Joffre» M 13 VA i 1954.

Båten hadde ein eigar heile brukstida. Den vart brend på slippen sin etter at nothengjet var rive ved avvikling av Årset Notlag. Dei rydda då området på Laberget på Aurstad.


"Øyakarane" med etternamn Årsetøy treng ei forklaring:

Knut f. 1904 hadde smie/mekanisk verkstad med treverkstad på loftet på Øyakaia. Her på kaia vart mykje av vedlikehald og nykonstruksjonar på båtane i fjorden og ein del for landbruket til opp gjenom åra.

Andreas f.1902 var "husmor", medhjelpar til Knut og den som brukte "Litleveiren" i Årset notlag. Han er og opphav til Årsetøysamlingane i Austefjord Museum. Andreas og Knut eigde Årsetøya frå 1955.

Ola f. 1892 (Bulder-Ola) arbeidde på Volda Mekaniske Verkstad som smed, mekanikar og medarbeidar i produksjon av Volda-motoren. Han var oftast "heime" hos brødrene sine i helgane.

Samspelet mellom desse tre førte til praktiske løysingar på mange ting opp gjenom åra.

Bilde frå Årset notlag med MB «Joffre» og MB «Litleveiren»

Bileta er meint å syne korleis korleis Årset notlag brukt båtane sine. Båtane stod på land om vinteren når Austefjorden er islagd. Om våren blir båtane botnsmurde og sjøsette. Frå nothengjet blir snurpa teken på på notbåten og stengjenøter og tauverk på sleparen. Snurpenota blir handtert frå MB «Joffre» ved hjelp av øyrebåten og med MB «Litleveiren» som slepar. Basen i loddebåten er arbeidsleiar.


Kjelder

Informantar

  • Aarset, Hans 1936 - 2015, som har vore med i Årset notlag og har gått gjenom rekneskap og notat
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg MB «Litleveiren» M 20 VA er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.