MB «Nymo»

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 2. jan. 2020 kl. 12:22 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Haram kommune» til «Kategori:Haram Kategori:Ålesund kommune»)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Her er «Nymo» lagt til kai på Vik og eigaren Nils J. Valderhaug ordnar fortøyningane. Båten er nyleg sjøsett.
Foto: Magnar Høydal (1973).

.

MB « NYMO» M-59-G, bygd 1973 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen, for Nils J. Valderhaug, Valderøy. Lengda / br / dj, - var i m: 13,46 / 4,1 / 1,7, (lengde i fot er 42,7) og det vart innsett ei 195 hk Volvo Penta. Kjenningsignal: LM 4733

«Nymo» var bygd på laminerte spant. Det var andre båten som var bygd på den måten og den fyrste som var bygd i byggehalla. «Nymo» var bygd med halv bakk. Det var og fyrste båten med innfresa lister i natene på huda. På dekksnatene var brukt Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe og lukekarm var av galvanisert stål, rorhuset var utvendig glasfiberarmert polyester. På babordside var bygt egnarhus i tre. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1950 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik. Nils J. Valderhaug heldt eit svert godt vedlikehald på båten, det vert fortalt om korleis han olja og lakka og har ein båt godt vidlikehald så viser det.

Artiklane om doblingspant og om Hud og dekk viser skilnaden i byggemåte i høve laminerte spant. Over tid har arbeidsmåtar vorte utvikla og i 1950 åra var det lite elektrisk handverktøy så både tvimenningen, skrubben og rubanken var i dagleg bruk. Mykje av verktøyet var ”heimelaga” men fungerte der det var tenkt. Når båtbyggeriet brann ned forsvant også verktøyet, skulle gjerne hatt litt bilder av verktøy i bruk men det er for seint.

Fiskeri

  • Nils J. Valderhaug drifta med garn og line på Mørekysten, vesentleg torske og seigarn. Han brukte og line på eggjakanten etter lange, brosme og kveite.
  • Bjarne Hansen brukte båten i ei lenger periode enn nokon av dei andre eigarane. Han drifta med garn og juksa på Lofoten. Først i sesongen frå Røst leid lenger ut i sesongen brukte han å flytte inn til Balstad. Då kom også kona nordover og var kokke på bruket der han leverte. Laksefiske med drivgarn var i mange år eit vanleg fiske, det fisket tok også Hansen del i. Fisket hadde helgafreding så det starta frå kl 00.00 mandag morgon og garna skulle vere dregne opp frdag kl 18:00. Frå september til oppunder jul var det drift med krabbeteiner.
  • Dypvik og Fiskerstrand brukte båten til torske og seigarn på Mørekysten. Dei brukte også langegarn på eggjakanten. Dei var med torskegarn ved Vannøa og Arnøy og aust mot Kvenangen. I 1991 hadde dei i samfiske med ein annan, ein sesong med snurpenot i Vestfjorden. Det var også i 91 dei var ved Egersund og dorga makrell. I fleire haustar brukte dei seigarna og fiska pigghå i fjordane nord for Ålesund.
  • Kjetil M. Kvalsvik brukte garn etter torsk og sei og line på Mørekysten.
  • Magne Kvalsund drifta med garn og makreldorging, han lagde bulktankar i polyester i romet for makrell.
  • Hildring DA v/ Carl Gustav Hildre. Hildre fiska med torskegarn på Møre og i Nord Norge frå Røst, Senja og på Finnmarka.
  • Ole Mindor Myklebust hadde båten berre ei kort tid for å legge på ei makrelkvote før båten gjekk attende til Hildring DA.

Seinare eigarar

  • Seld 1978 til Bjarne Hansen, Mausundvær, og registrert ST-220-F. Sett inn 238 hk Volvo Penta i 1987. Hansen skifta over til rigg av aluminium, var gjort ved eit verksted på Nordmør.
  • Seld 1990 til Ole Johnny Dybvik og Svein Jarle Fiskerstrand, Fiskarstrand, og registrert M-14-SA.
  • Seld 1993 til Kjetil M. Kvalsvik, Nerlandsøy, og omdøypt til «ØYGARD» med registrering M-143-HØ. Kvalsvik skifte ut linespelet og monterte garn og linedragar.
  • Seld februar 1997 til Øygard DA v/ Magne Kvalsund, Nerlandsøy.
  • Seld mai 2003 til Hildring DA v/ Carl Gustav Hildre, Hildre, og registrert M-143-H. Hildre overhala motoren og skifte kjølboltar på heile båten. Han skifte to hudplankar bak på b.b. under vannlinja, og skifta ut nederste biten på eit par spant.
  • Seld februar 2004 til Ole Mindor Myklebust, Myklebust, og registrert M-143-SØ.
  • Seld tilbake til Hildring DA i mai 2004 og registrert M-12-H. Etter ei tid kjøpte Hildre større båt og la kvota frå «Nymo» over på den nye. Pris i markedet gjorde at båten vart opphogd og omsettelege element selt. Sletta april 2008 som opphogd.

Bilder

Kjelder