MB «Pokal»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. mai 2018 kl. 22:03 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
«Pokal» M – 80 - Hø. Dette bilde er før båten var forlengd i 1937 til 64,8 engelske fot.

MB «Pokal» M-80- HØ. Kjennesignal:LHAF «Pokal» var bygd i 1930 i Ølve Kvinnherad, for Hans O. Sævik. Medeigarar var Anton S. og Oskar O. Sævik, den siste halvbror til Hans O. Desse to siste vart utløyste midt på 1950 talet. Olav H. Sævik kom inn som medeigar i 1957. Han er son til Hans O. og vart medeigar 16 år gamal. Til vanleg var det Hans O. som var skipper på «Pokal». Den fyrste tida før det vart vanleg med kystskipper eksamen vart det halde kurs rundt i kring på skular og bedehus som gav kunnskap for fiskeskipperar og andre. Hans O. hadde gått nokre av desse kursa, so kalla «jordmorkurs». At han var ein dugande skipper er det ikkje tvil om. Sonen Olav tok kystskipper eksamen i Ålesund 17 år gammal. Han var yngstemann i kullet og stundom når læraren snakka til han så var det, «du nyfødde». Tydeleg at tonen har vore uformell. Han fekk ikkje papira før han fylte 21 år. Begge eigarane var såleis kapable som båtførarar. Då tok sjølivet til for Olav H. og det førte han til eit mangslunge liv på sjøen. Seinare sigla han som skipper på mange slags fartøy – frå Sør Afrika til Amerika. Han har mangt å fortelle så kanskje er det råd å få fatt i litt av den historia også.

Forlenging

I merkeregisteret for 1938 har båten desse måla: 54,5/15,4/7,5 og har 40 hk Wichmann motor. Det er vidare opplyst at båten var ombygd i 1937 til 64,8 engelske fot. Det betyr i reine ord ei forlenging, så langt ein finn ut er det gjort i Hardanger.

Det er opplyst at båten var ombygd på Vik Båtbyggeri i Høydalen i 1949 sjå. båtlista for Vik og at båten fekk rana, utlagd, baug og kryssarhekk. I merkeregisteret for 1958 er måla oppgitt til, 64,0/16,8/8,4. I «Herøybåtar i Hundre år» er lengste lengd oppgitt til 21,6 m. det er 70,9 engelske fot eller 68,8 norske fot. Ved om bygging i 1949 var båten forhøya med to eller tre plankar. Ved ei slik stor ombygging vart det sjølvsagt bygt nytt overbygg. Keisinga var bygd i stål til bak om keising gangen og var i full høgd. Frå keising gangen og vidare bak var bygt i tre. Over kahytta var det meininga å lage messe men det vart i staden brukt til vegnrom. Kahytta hadde fire køyplassar, nedgangen var frå keising gangen. Vis a vis var eit lite enkelt toalett. Maskinnedgang var også frå keising gangen men på styrbord side. Keisinga hadde full høgd og hadde bysse heilt framme. Babord gang hadde tett sidevegg med dør forover. Det var den vanlege løysinga, her kunne mannskapet henge oljekleda. Var der maskinrist så var det fin tørkeplass til støvlane. På eit dårleg bilde ser det ut for at rorhuset er bygt tradisjonelt i tre med rorhusfront i truleg teak. I lugaren framme var det køyplassar til 8 mann

«Pokal» var utstyrt med peilar og ekkolodd (kanskje Scam?), sendaren var Robertson, amerikansk bygd og kom som Marshallhjelp. Det var galgedekk på begge sider, med livbåt på babord side. Lukekarm og kappe har nok også vore bygt i stål når keisinga var det. Her må ein skyte inn at vekselstraum kom til Høydalen fyrst på 1950 talet. Før den tid vart sveisearbeid utført på Volda mekaniske verkstad, anten av egne arbeidarar eller som leigearbeid.

Når «Pokal» var under ombygging i Høydalen tok Hans O. turen inn fjordane for å sjå kor arbeidet gjekk. Han hadde då ein 18 fots klinker, vist nok bygd på Bjørneset, med ein 2 hk Rubb frislagsmotor. Dette var ein tur som tok 5 - 6 timar. Sonen Olav var med, han hugsar det som ein langtekkjeleg tur. Faren laga eit lite «sjygn» i bauen av presenning for verste trekken. Olav var 7 – 8 år.

Høydalsvik, Oddvar E. f 1951, skreiv midlertidig forklaring om frislagsmotor.

Frislagsmotor ein semidiesel-motor med «frislagsregulator». Frislagsregulatoren er ein tomgangsregulator. Den arbeider slik at den hoppar over pumpeslag på dieselpumpa når turtalet blir for høgt i høve til innstilt tomgangs-turtal. Den seier Tøff, tøff …opphald … tøff, tøff, tøff …opphald ..osv. Høyrest litt småsjuk ut, …men det er heilt normalt. Ved full-fart-køyring strammar ein tomgangs-regulator-fjøyra slik at alle pumpeslag er med. Så regulerar ein etter belastning (til dømes frå propell) med slaglengda på dieselpumpe-stempelet. Altså ingen automatisk turtalsregulering ved full-fart. Motor-passar eller skipper må ha «handa på gassen». Er beskriven som tidleg type turtalsregulering. For meir:. Sjå: Gammelmotoren av Valdemar Steiro s. 16 og 17

I slutten av 1950 åra fekk «Pokal» innmontert sildetinar, og ein gong på 1960 talet vart det montert Smedvik styremaskin.

Sildetinar nemnt over her, kva er det, er det spurt. Svaret får stå på vent. Sildefiske både med fastståande bruk og med drivgarn er ei stor og viktig sak som har gitt arbeidsplassar langs heile kysten også i dag. Difor bør heile det fiskeriet takast i full breidde av personar med godt kjennskap til næringa.

Hans Lennart Sævik, f.26.03.1967, soneson til Hans O. Sævik har skrive om bruk av båten til fiskeri og andre hendingar for den som har sjøen som leveveg. Frå 1940 og tur nordover med verditransport for Norges Bank. Han har far og bestefar som kilde.

Håbrandsfiskernes Foreining

På 30-talet var det viktig å få til eit salslag for håbrand fiskarane og i 1933 vart det prøvd skipa et felles salslag for Vestlandet. Dette vart mislukka og Håbrand fiskarane i Måløy og i Møre og Romsdal skipa et felles lag som dei kalla «Møre og Måløy Håbrandsfiskeres Foreining». Laget skulle vere ein salsorganisasjon med sete i Bergen. Hans O. Sævik («Pokal») vart vald til formann. 17. februar 1934 vart det vedteke å opne kontoret og setje salsapparatet i gang frå same dag. I oktober 1934 vart laget utvida til Vestlandet og fekk namnet "Håbrandsfiskernes Forening". Dette laget vart såleis ein organisasjon for håbrandsfiskerane på Vestlandet, og styret arbeidde for å få all håbrandomsetnad lagt under sitt salsapparat.

Kilde: Folk ved havet II av Bjarne Rabben (1983).

Krig

Bestefar fortalde og om dei første krigsdagane i 1940 då vart M/K Pokal og M/K Zeta uttekne av Lensmannen for å frakte folk nordover til Mosjøen, dei skulle gå ilag med ishavsskuta M/S Grimsøy som førde last for Norges bank - Ålesund til Tromsø. Folket stod på Stornespiren i Ålesund og dei fekk sandsekkar til å dekkje ror hustaket med. På turen nordover ha dei fleire gongar tyske fly over seg. Når dei kom til Mosjøen sette dei iland folk, men dei måtte fortsette vidare til Tromsø for folket måtte vidare, då tyske krigsstyrkar var på veg nordover. Sjølv om dei ikkje hadde kart om bord gjekk dei ilag til Tromsø, der låg dei nokre dagar før dei fekk betaling for turen. Så gjekk dei syd til Harstad med engelske offiserar og nokre sivile. Dei hadde og papir med seg som skulle øydeleggjast om dei vart stoppa av tyskarane. I Kjelsundet var der kampar, difor gjekk dei ytre leia syd over eit stykke, eit marineskip kom og dei gjorde då av med papira. (Ole Sulebakk fortel at dei gøymde pengane i skosålane og gjorde av med papira.)

Når dei kom sør i "Skjeia" ved Terningen fyr kom der ei dame å vinka med eit kvitt laken. Det viste seg at leia var minelagd. Zeta og Pokal kom seg velberga heim.

Dette vart fortalt til meg av bestefar. Ole Sulebakk skildrar og hendinga i eit opptak i 1984 dette er gengitt i boka Herøybåtar i 100 år (1998).

Turid Wammer har skrive eit stykke som heiter Gulltransporten 1940. Her kan ein lese at M/S Grimsøy var lasta med 9 millionar kroner i store sedlar, som hadde blitt henta ut av hvelva i den norske bank på Lillehammer, Hamar, Gjøvik og Ålesund. Desse pengane vart seinare brukt til å finansiere hemmeleg motstandsarbeid i Noreg. ( Henta frå:http://www.norges-bank.no/contentassets/16c94e386f2249ff95c04d7d4b999f2e/gulltransporten_nnum_2011.pdf).

Om fiskeri

Etter nyttår var det Seifiske fram til storsild fiske tok til i januar/februar. Det blei da brukt seigarn på Aktivneset - Svatongane og Haltenbanken. Etter påske når silda og Seifiske var over, gjekk dei oftast syd og vest om Irland etter håbrand. Eller håbrand i Nordsjøen, Når dei gjekk vestover gjekk dei Caledonia kanalen for å spare tid, dei gjekk inn slusene ved Inverness. Kom inn som regel om morgonen og gjekk ut igjen nord om Glasgow i vest etter 8-10 timer seglas gjennom Lockness og i kanalen. Der var kunn dagseilas kan Olav fortelje. Sommar og seinsommar kunne det være brugde fiske, Brugde og Håbrands fiske blei stundom drive kombinert. Dei drifta i Nordsjøen, på Tampen og Storegga, ved Shetland og Ferøyane. Det kunne tildels være godt Brugde fiskeri heilt nord til Træna. Dei prøvde og Makrellharping då utfrå Egersund eller Farsund. Tidvis gjekk dei sydover med Håbrandsline om sommaren og kunne gjere gode tura heilt oppunder land ved Lista og Egersund. Då sette dei flyteline heilt oppunder land og utover på djupna. Enkelte år kunne dei og rigge seg ut etter Håkjerringsfiske, da ved Ferøyane og i Danskestreetet det var i April -Mai og dei var heime ca. til Slåtten, jonsok. Haustane Håbrandsline og ofte hadde dei seg gode turar mellom jul og nyttår vest på tampen og Aktivneset. Gjekk da 3 juledag å kom heim til nyttår. Det var ofte stor fisk dei fekk da kan Olav fortelje.

Pokal var og rigga for Tobis tråling, og enkelte hausta dreiv dei partråling ilag med M/k «Packing». Båten var i aktivt brukt og dei omstilte seg til dei fiskeri som var aktuelle.

Eg var aldri med denne båten, den var seld før eg var fødd. Utdanna meg til skipper i Ålesund ferdig i 91. Eg har drive fiskeri og Supply, som fiskar og skipper. Siste 20 åra har eg våre los mellom Trondheim og Stavanger. Stasjonert i Ålesund.

Tal mann på forskjellig fiskeri

  • Sildefiske med drivgarn, 10 mann. *Seidegarn også 10 mann. *Makrellharping 5 mann. *Brugde, Håbrand og Håkjerring fiske 5 mann. Nokre av desse turane var ikkje Hans O. med, då var Jarle Remøy skipper.


Turane etter Håkjerring heile havet nord til Danskestredet var lange turar, då bunkra dei 5000 l disel på tankane og ein del disel i fat på dekk. Ferskvasstanken var på 1600 l. Denne båten har vore i svært aktiv drift.

Å bunkre ferskvatn

For å hente ferskvatn var det vanleg å legge til ved eit isflak å grave ei hole som vatnet samla seg i når sola varma. Det var til vanleg ein ok prosess. Kjell Viken som har 6-7 turar i ishavet fortel om ein gong dei var i Stretet og la til eit isflak for å fylle vatn. Han og ein til gjekk opp på flaket og skulle ordne fortøyning. Når dei slo isdreggen i så var det ein smell og flaket klovna. Hjelparen stod att på isflaket men Kjell gjekk i sjøen. Han kom seg klar, dukka under skuta og symde opp på andre sida der mannskapet huka tak i han. At han var så rask i tanken og ein god symjar berga nok livet. Etterpå viste det seg at dei hadde sett dreggen i ei isbru, det forklarar hendinga.

Motorar

Ny båt i 1930, Wichmann 40 hk. I 1937 Wichmann 50 hk. I 1958 BK Diesel 240 hk. Og i 1962 Normo semidiesel 210 hk, 3 sylindra.

Eigarar

  • Fyrste eigarar: Hans O. Sævik, f.02.02.1900, d.?, Anton S. Sævik og Oskar O. Sævik, halvbror til Hans. Dei to siste vart utløyste midt på 50 talet. Då kom Olav H. Sævik, f.04.03.1941, inn som medeigar. Han er son til Hans O. Sævik. Hans og Olav drifta båten i lag heilt til båten vart solgt.
  • Solgt sept. 1964 til Bjarne Dale P/R, Blomvåg i Øygarden kommune. Fekk i april 1965 namnet «Vokal» og registrert med H-55-ØN. Båten vart 24.5.1985 stroken i Skipsmatrikkelen og vart søkt i Osterfjorden, truleg året etter.

Galleri

Her manglar årstal på nokre bilde, den som veit meld frå.

Kjelder

  • Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster
  • Olav Johan Sævik, f. 1941. Intervju på telefon.
  • Herøybåtar i Hundre år, av Bjarne Rabben.
  • Anton Sævik, har levet bilde.
  • Olav og Hans Lennart Sævik, har levert bilde og tekst.
  • Kjell Viken, har fortalt om å bunkre feskvatn i Stretet.