MB «Safir»: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
(→‎Andre eigarar: ny eigaropplysning)
Linje 26: Linje 26:




==Andre eigarar==
==Eigarar==
Dette er dei ein har funne til denne tid, meld frå om andre opplysningar!
Dette er dei ein har funne til denne tid, meld frå om andre opplysningar!
*1971 - 1973 eigar Ola J. Skårseth m.fl. 6433 Hustad, Registrert med  M-85-F.
*1947 til 1971, Peder J. Hessen, eigar når båten var ny, Registrert M-44-B / M-44-A.
*I1980 til 1984  er eigar Erling Molvik, 6565 Hasløy, Registrert M-172-AV. Det er kvitering på ”kjøpt ny radar” i 1981.
*1971 til 1973 eigar Ola J. Skårseth m.fl. 6433 Hustad, Registrert med  M-85-F.
*I 1990 til 1996 finn ein båten registrert i Nøtterøy, Vestfoll. V-15-N, eigar er Gunvor Hansen, Haukemyrveien, 3135 Torød.
*1976 til 1984  er eigar Erling Molvik, 6565 Hasløy, Registrert M-172-AV. Det er kvitering på ”kjøpt ny radar” i 1981.
*1986 til 1988 registrert på Per Normann Trangedal, 6982 Holmedal, SF-3-FL.
*1990 til 1996 finn ein båten registrert i Nøtterøy, Vestfoll. V-15-N, eigar er Gunvor Hansen, Haukemyrveien, 3135 Torød.
Her var båten rigga som reketrålar. Han fekk utført overhaling på motoren og det vart ny propell. Slik ein ser er dette siste eigar der båten er i fiskeriregisteret.
Her var båten rigga som reketrålar. Han fekk utført overhaling på motoren og det vart ny propell. Slik ein ser er dette siste eigar der båten er i fiskeriregisteret.
*1996  ??  vart den seld til Stig E. J. Gunvaldsen, Havertveien. 4085 Hundvåg.  
*1996  ??  vart den seld til Stig E. J. Gunvaldsen, Havertveien. 4085 Hundvåg.  

Sideversjonen fra 9. mai 2014 kl. 20:20

MB «Safir» her på veg inn på Ålesund hamn.

MB «Safir» M-44-B bygd ved Vik Båtbyggeri i 1947 for Peter J. Hessen m.fl. Heissa pr. Ålesund. Frå 1968 vart Borgund kommune innlemma i Ålesund kommune og båten vart registrert M-44-A. Dette er ein av fleire båtar i denne størrelsen som var bygde rundt midt på 1940 talet. Denne har vore registrert i fleire kommuner og fylker, sjå avsnitt om andre eigarar. Hausten 2011 kom den attende til Sunnmør, den er no ute av Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster I fiskeriregisteret 1950 står desse spesifikasjonane. Mkr. Safir, Mkr står for motorkryssar. Brukast til, fk som står for kystfiske. Lengde er 34,3 fot, breidde 11,3 fot, djupte 5,1 fot. Motor Volda 22 hk. Den er bygd på doblingspant slik den vanlege byggemåten på Vik var . Spanteavstand ca 37 cm. Tømmerdimensjon ca 4 tommar. Naglar 1 tomme, det var også minste naglefreshaudet på Vik. På kvart spant var det rot til samanbinding mellom styrbord og babord. Huda var ca4,5 cm, festa med trenaglar og med forsenka spikar i skøytane. Spikar i denne samanheng er skipsspikar vert også kalla bolt. Artikkelen Hud og dekk har med meir detaljar om dette. Håkon Høydalsvik f. 1922 hugsar at han var med å bygde båt til Peter J Hessen. Båten hadde halvbakk, alle dekkshus var bygde tre. På bilda ser ein at båten er lik MB «Varnes» som var bygd året før, ein finn den og andre båtar i båtlista for Vik. Alt på 1950 talet vart det montert inn Ekkolodd, Simrad.

Bruk av båten på Hessa

Peter J. Hessen står som eigar av «Safir» i fiskeriregisteret men broren Ole var medeigar, fordelinga mellom dei er ikkje kjend. Dei kom frå Leitegarden på Heissa og båten vart kalla Leitebåten. To andre brør Arne og Peder var nesten å rekne som fast mannskap. Arne eigde Leitegarden, Peter budde i Korsvika og hadde ein liten gard der. Der var mange fiskarar på Heissa og dei fleste dreiv i kombinasjon med ein liten gard og hadde 2 – 5 kyr. «Safir» låg saman med dei andre Hessabåtane på svai ved Hessaskaret. I eit stort naust hadde dei jolla som dei brukte til og frå båten. I hovudsak dreiv dei fiske slik at dei kom heim kvar kveld.

På nyåret starta dei med litt snørefiske etter sei utfor Godøya og dels ved Runde om veret var lageleg. Med snørefiske var dei to mann. Ut i januar tok dei om bord torskegarna. Til vanleg var dei då tre mann og hadde normalt to setningar på 24 garn.Dette fiske heldt dei på med til ut i april .Fisken leverte dei kvar dag på mottak i Ålesund.

Snurpenot

Etter påske tok dei om bord snurpenota etter sei. Då var dei fem mann, dei fire brørne og ein utanom. Nota var ca 120 famner lang. Dei hadde ein færing med på slep. Med den rodde dei til kjende plassar og søkte etter fisk. Fisken vart lolkalisert dels med sjøkikert og dels streng, handlodd. Dei kunne ta fisken ned til 17-18 famne djupte. Når dei hadde fått fisk , tørka dei fisken opp i bussen på nota og hadde den over i ein fiskepose. Posen med fisk vart slept til næraste stad der det var trygt å ankre posen. Fisken vart meldt inn til laget og det kom seinare brønnbåtar i hovudsak frå Bergen og henta den.

Dei leverte og til mottak i Ålesund og til revemat. Fisket gjekk føre seg i Leia (området mellom Hessa , Geilevika og Eltrane). Fiske med snurpenot varde fram til første veka i juli. Då var det tid for slåtten . Om sommaren var dei og dels på seifiske i fjordane på Sunnmør m. a. i Voldsfjorden.

Etter slåtten, i siste halvdelen av juli tok dei om bord kolkjeftgarna. Dette fiske vart drive i Borgundfjorden og fjordane elles på Søre Sunnmøre, Eltvika på Stad , Revet og Røholmen. På 1960 talet var det fiska etter kolkjeft mest i Romsdalsfjorden. Dei brukte garn heilt inn til Bolsøya og Isfjorden. På denne tida låg dei dels om bord. Fisken vart isa og levert til mottak for eksport. Fiske etter Kolkjeft minka som regel vekk i september og då tok dei ombord seinota att og dreiv med den til nyåret.

«Safir» dreiv og med krabbefiske i dei fyrste åra. Det var tønner av tre med inngang i båe endane. På Heissa var det frå før krigen og til fram mot 1950 talet eit aktivt fiskarliv. Der var fem notlag med ca 25 mann som dreiv fiske etter sei. Fiskebudene i Olsvika, Hessaskaret og dels i Skarbøvika gav sysselsetting til folk frå Heissa.


Eigarar

Dette er dei ein har funne til denne tid, meld frå om andre opplysningar!

  • 1947 til 1971, Peder J. Hessen, eigar når båten var ny, Registrert M-44-B / M-44-A.
  • 1971 til 1973 eigar Ola J. Skårseth m.fl. 6433 Hustad, Registrert med M-85-F.
  • 1976 til 1984 er eigar Erling Molvik, 6565 Hasløy, Registrert M-172-AV. Det er kvitering på ”kjøpt ny radar” i 1981.
  • 1986 til 1988 registrert på Per Normann Trangedal, 6982 Holmedal, SF-3-FL.
  • 1990 til 1996 finn ein båten registrert i Nøtterøy, Vestfoll. V-15-N, eigar er Gunvor Hansen, Haukemyrveien, 3135 Torød.

Her var båten rigga som reketrålar. Han fekk utført overhaling på motoren og det vart ny propell. Slik ein ser er dette siste eigar der båten er i fiskeriregisteret.

  • 1996  ?? vart den seld til Stig E. J. Gunvaldsen, Havertveien. 4085 Hundvåg.

Han gjorde mykje arbeid med båten, nytt dekk også på bakken og la ny skansekledning. Det vart sett inn nye delar av stamnen.

  • 2001 den 13 juni vart båten seld til Harald Koløy, 5437 Finnås på Bømlo. Han hadde båten til sommaren 2011 då han selde til Askøy, Raymond Bjelland, 5306 Erdal.
  • Siste eigar så langt er Vidar Kløvning, Hakkallestranda, Vanylven kommune. Han tok over båten hausten 2011. Han ser for seg at han har eit oppussingsarbeid som vil vara ei tid framover.

Motorar

  • 1947, Volda 22 hk byggeår 1947.
  • 1977, GM Bedford 120 hk, som fortsatt står i.

Bilder

Kjelder

L/L Vik Båtbyggeri


Ekstern lenkje

Her fortel Vidar Kløvning om båtkjøp, turen heim og arbeidet han er i gang med. Mange bilder.

Kategoriar