MB «Snøgg» M 158 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Øyrebåten» tek fast på babord side av MB «Rolf» etter set
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_c
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_a
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_b
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_d

«Holsvik-øyrebåten» eller «Øyrebåten/Spelbåten», brukt i Holsvik notlag saman med «Storenota» (landnot), truleg frå 1951 som øyrebåt på snurpenota. Hang ved bruk i enden på snurpenota, rigga slik at den la seg på tvert og bremsa så ein fekk laus notenden og fekk nota til "å gå". Vanlegvis var der ein mann om bord i øyrebåten når nota skulle setjast.

Truleg er den byggd då notlaget gjekk til innkjøp av MB «Timann» M 46 VA i 1946. Notlaget har og truleg fått den fram på dugnad då der var to båtbyggjarar i notlaget, Rasmus Løfoll (1887 - 1979) og Einar Høydalsvik (1920 - 1997). På Løfolla er der høveleg skog, så notlaget trengde eigentleg berre å kjøpe to pakkar båtesaum og tre meter tau til belag og hamleband. Dette var rett etter 2. verdskrig og det meste var mangelvare. Der var og to røynde anleggssmedar i notlaget, Laurits Djuvik (1894 - 1984) og Harald Botn (1908 - 1976), så det var ikkje så lenge gjort å smi noko saum heller om naudsynt. Denne spelbåten var ein sterkbygd gavlbåt med rull i dokker bak og hengsla spel på tofta bak rotofta (noko liknande som ein ser på Lissjenotabåten (sjå under Holsvik motlag). Då tofter og tverrband vart demonterte ved innsetjing av motor vart den for veik i skroget og den fekk etter kvart lagt i meir innved i form av lekter på bordinga, og forsterka rekke.

Etter at Holsvik notlag la ned drifta i 1963 vart den seld til Jon Hamre (1907 - 2003) og brukt til ei høveleg landnot. Knut Årsetøy (1904 - 2001) tilpassa båten til motor i 1981 (truleg). Registrert som motorbåt fekk den namn og fiskeriregistrering MB «Snøgg» M 158 VA. Namnet var nok rein nostalgi då ein tidlegare notbåt i Håvik notlag med same namn, men kalla "Nasebjønnen", var mykje stasjonert i Hamren med Jon som ein av brukarane. Det vart sett inn ein brukt FM, truleg 6 HK bensinmotor. I 2005 overtok Harald Aarset. No vart det sett inn ein brukt Sabb 10 HK dieselmotor som framleis (2013) er i bruk. Den har i 2012 og 2013 delteke på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik

Ombygging frå robåt til motorbåt

Denne båten som ny var bygd som robåt er eit godt døme på korleis det gjekk føre seg når eigar ville ha motor i sin nye eller her gamle båt. I Austefjorden (Volda) var det ein tidsbolk Knut Aarsetøy (1904 - 2001), i dagleg tale kalla "Øya-Knut", som fekk mange av desse oppdraga. Knut snakka stødig og klar dialekt og sa ting som vart sitjande i minnet til andre etterpå når han dreiv tilpassing i gamle båtskrog.

Gamal gavlbåt i sånn 16 til 25 fots størrelse kom til Årsetøya som robåt. Det vil sei med kruma stamn i begge endar, bakstamn gjekk oftast litt opp på gavlen/spegelen bak og gav denne styrke på midten.

No skal der inn, framanfrå og bakover; motor med kobling og omstyringsmekanisme på fundament, propellaksel, akselhylse, propell og ror. Oftast er det eit vripropellanlegg der det er vribar propell med drivaksel med omstyringshylse på utsida. Propellane til desse anlegga på 5 - 13 HK var om lag 0,4 - 0,5 m målt ytterkant propellvenger.

For å bore inn hylsa og rorstamma (ein ville ikkje ha rorstamme bak gavlen då dette gav hengje og heft med nota) vart oftast kruminga på bakstamnen snudd og ein sette inn ein stilk slik som i orginalbygde motorbåtar. For styrken sin del måtte dette vere noko frå innvedlageret til denne kombinasjonen av båtebyggjar og smed, sjå Spanterøter og bjelkekne.

Han Knut sa at det vart stygt og sterkt og at han "klamsa" eller "klomsa" det til på ein måte. Nedre ende støtta seg på kjølen og øvre ende vart skøytt mot resten av bakstamnen. Om ikkje alt passa heilt mot hudborda vart det laga fyllstykke/"klampar", med godt tjøra drev eller strie som tetting og impregnering og "klamsa" i hop (sjå bilete d).

Kjølen i robåtane var ofte for veik og for lav til å få plass til propellen. Då vart altrernativt heile kjølen skifta eller slik bilete a og b syner her lagt under (haka fast) ei ny og kraftig "drog" som danna ny kjøl med nok lengde til å støtte nedre styrehengsle på roret. Under den att lagt ei nytt slitebelegg av bjørk som no vert den nye "droga". Her syner/er ei vaggskinne brukt som "drog" (slik ein brukte på veganlegg med "vagg"). Den er komen på seinare og gir god stabilitet i båten.

For styrken sin del ser vi her at stilken støttar seg ned på den nye kjølen. Alt etter kva behovet var, vart det lagt flatjern på begge sider med gjenomgåande skruar for auka styrke.

Motorfundamentet fekk no si utforming. Her vart og gjort empiriske (etter røynsle) vurderingar på korleis det skulle sjå ut. Nettopp gamal røynsle tilsa at på eldre båtar berekna til robåt var utsette for å "strekkje saumen" når det vart innsett motor (dunk, dunk, dunk. Dei tungbygde enkelsylindra motorane arbeider som om du sit og slår med ein stor hammar på konstruksjonen). Det var oftast brukt færre og tynnare saum i robåtar enn i motorbåtar. Der til kjem at enkelsylindra motorar strekkjer saum meir effektivt enn fleirsylindra. Knut, og hans jamaldra, sa også at då fyrste motorane kom "hivde dei nokre krokne kjeppar inn i båten til å setje motorane på. Motorane strekte saumen og båtane sokk", her kom den gamle røynsla frå.

Motoren blir sett på plass og grovjustert. Ein borar hol for propellhylsa, stikk inn propellanlegget og tilpassat delane ganske forsiktig til kvarandre medan ein finrettar motor og propellanlegg. Flensen på propellhylsa blir festa bakfrå med to skruar, oftast "franske"/treskruar framover i stilken og "normalgjenga" UNC eller BSW bakover, oftast 1/2-toms. Så lagar ein ei "forskaling" nesten for fremre ende på propellhylsa, varmar til flytande ei bøtte med bek, slår dette rundt propellhylsa bak forskalinga og let det kolne og stivne. Dette stabiliserar og tettar rundt dette "klamphoggeriet" bak i båten. Arbeidet gjort slik bak i båten vart ofte ikkje omtala i pene ordelag, men varer kanskje i 100 år.

Siste oppdrag var ror med pakkboks rundt rorstamme slik at ein kunne lage ei lav tilje i båten for god plass til nota. No saga ein av kjølen bak og sette båten til havs.

Propellkorga som syner her var meir vanleg på lettbåt/loddebåt til snurpenotlag enn på gavlbåt for landnot. Den er berekna til vern på propellen slik at ein kan gå framover over nota med tilkobla propell utan å få not i propellen.

Kjelder og informantar


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg MB «Snøgg» M 158 VA er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.