MB «Tempo» M 114 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. mar. 2010 kl. 22:28 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: «Tempo» M 114 VA: Kravelbygd gavlbåt i tre. Bygd i 1938 med desse måla: 36,5 / 11,0 / 5,0 fot. Kjøpt hos Oskar Vik m / fleire, Slagnes i Vanylven med registreringsnummer M 22 VN. K…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

«Tempo» M 114 VA: Kravelbygd gavlbåt i tre. Bygd i 1938 med desse måla: 36,5 / 11,0 / 5,0 fot. Kjøpt hos Oskar Vik m / fleire, Slagnes i Vanylven med registreringsnummer M 22 VN. Kjøpt til Årset notlag for kr. 9500,- 31.08.1961, «handpengar», kr. 500,- (kjøpekontrakt) betalt 29.08.1961 ved henting av båt, kjøpesum totalt kr. 10000,-. Kjøpar og seljar møttest på Larsnes der båten vart sett på slipp for inspeksjon før handel vart endeleg avgjort. Rekninga for slippsetjing vart delt likt mellom kjøpar og seljar, kr. 20,- på kvar. Båten fekk påmontert utstyret for bruk av snurpenot frå «Joffre» M 13 VA; sute og rull for snurpewire. Der var frå før eit vanleg mekanisk spel, drive av framdriftsmotoren, med «lineskive» og «kopp».
Motor: Volda 22 HK, 2-takts, semidiesel frå 1938. Er ein av innkjøpte båtar til Volda kommune som ikkje vart omregistrerte i Register over merkepliktige norske fiskefarkostar. Seld til Elias Kalvatn / Kalvatn Tutistsenter i 1964 til fiskebåt for turistar frå Bjørke i Hjørundfjorden.

Kjelder og informantar