MB «Vega»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Vega» leverte ofte varer til Fr. Marit Halsnes, seinare Soleimsund Handel.

MB «Vega» var ein rutebåt som vart driven av Albert Dahle (1898-1994) frå Ytre Breivika under Leira på Tustna og som gjekk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960.

Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjennom krigen og fram til han kjøpte ny båt.

I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hadde drive rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet. Ikkje lenge føre Albert Dahle kjøpte båten, hadde han vorte oppussa og fått innsett ny motor, og båten var stødig i drift og hadde sjeldan motorhavari. I Albert Dahle sitt eige gjekk MB «Vega» som passasjer- og godsbåt mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna etter faste ruter. I periodar var det ekstra mykje gods, inkludert når det skulle leverast kraftfôr, så det gjekk mange ekstraturar med gods. Da ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960, vart ruta nedlagt. Familien beheldt båten og bruka han til småturar fram til dei selte han kring 1967 eller 1968.

Kjelder

Heimelsfolk

  • Edvard O. Dahle (1923–2010), son til Albert Dahle