MB «Dolstind»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

MB «Dolstind» M 47 S, var bygd på Bjørkedalen i 1909 som hekksbåt, kutter. Måla var: lengde / breidde / djupne i fot; 36,4 / 12,7 / 7,6. Motor var «Bolinder» 25 hk og båten hadde 2 stk. fiske og fangstbåtar. Båten var den gong bygd for Partsreiarlaget Johan Våge m. fl. Sandshamn. Båten sokk i 1934, men vart oppatt bygd ved Ulstein verft i 1935 for Ragnvald Våge m.fl. Sandshamn. På grunn av regelverket fekk dei ikkje bygge heilt nytt, difor måtte nokre spantendar frå den gamle båten vera med i det nye skroget. Det er nok regelverket som gjer at det er kalla reparasjon i diverse arkiv. Lengda på båten vart då ca 53 fot iflg. Ulsteinverftet som gjorde arbeidet. Br. 14,4, dj. 7,2. Motoren er fortsatt «Bolinder» 25 hk.

I 1948 vart båten forlengd for same eigarane, Ragnvald Våge m.fl. Det vart utført ved L/L Vik Båtbyggeri, og lengda er 62 fot eller 18,85 m. Breidde og djupne som før. Sjå også båtlista på Vik. Lengda kan målast på fleire måtar. Her kan det vera brukt frå forstamn til atterkant rekkelining, som er feil på kutter. Kutter skal målast frå forkant på forstamn til atterkant atterstamn. Det kan fort utgjera ca 2 fot. Motoren er i fiskeriregisteret for 1952 «Wichmann» 1946 50hk. I fiskeriregisteret står at båten etter oppattbygging i 1935 var 44,5 fot lang. Etter forlenging i 1948 er alle opplysningar samanfallande, ca 62 fot.

Forlenging frå 44,5 fot til 62 fot er nok ikkje truleg på ein så liten båt. Ulsteinverftet som bygde opp båten i 1935 har gjeve opp ei lengd på ca 53 fot. Dermed så vert forlenginga på ca 9 fot, og då ser det litt betre ut. Ein gong på 1950-talet fekk båten nytt styrehus, kvar det var bygt er ikkje kjendt til denne tid.

I 1972 kjøpte Rasmus Vorren (f.25. mars 1932, d.12. januar 2010) båten. Siste tida stod der ein «Scania DS 11» motor om bord. Båten heitte frå fyrst av «Dolstein», men ein gong mellom 1940 og 1952 vart namnet endra til «Dolstind». Det var fordi ein annan båt hadde same namn.

John Åge Smenes frå Bergenskanten kjøpte båten i 2006. Båten vart restaurert, men i 2009 brann han opp.

Bilde

  • MB «Dolstind» bygd i Bjørkedalen 1909, ombygd i Ulstein i 1935, forlenga på Vik Båtbyggeri 1948

Kjelder