MB «Gjerdsvik»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjerdsvik står på beddingen der han vart bygd. Han var då bygd på klossar slik at han var i flytestilling.

MB «Gjerdsvik» M - 15 - S, L/Br/Dj var 47,8/14,9/6,9, engelske fot. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1953 for Øystein Gjerde m fl. Gjerdsvika i Sande kommune, Møre og Romsdal. Som alle kravelbygde båtar frå 1940 og 50 talet var denne bygd på doblingspant. Har ikkje oppgåve over materialdimensjonar men kan rekne med at spanta er av 5” eller 6” material og hud og garnering av 2” skur. Som vanleg var det drivne nater i hud og dekk.

«Gjerdsvik» drifta med garn og snurrevad på Mørekysten og i Lofoten med snurrevad. «Flemsvik», eigarar Ola og Arvid Flem, fortsette med same drifta dei var og på Finnmarka med snurrevad. Båten hadde i lang tid hatt godt vedlikehald men når Danielsen overtok var båten nokså nedsliten. Han overhala Scania motoren, m.m. Han bygde på aluminiumsrekke for notdrift, og fekk kvote på sei og sild. For å få stabilitetsvurdering av båten leigde han folk som laga teikning og berekna båten til å laste 25 tonn. Når båten kom i drift leverte han 29 tonn til mottaket og hadde likevel god margin på lastemerket. Danielsen fekk lynnedslag i båten og mykje av det elektriskeannlegget vart skada og måtte skiftast, sendar, ekkolodd m.m. Når han fekk båten så var der bygt glasfibertankar i romet. Kunne det vere til makrelldrift? Danielsen hadde godord om båten, god sjøbåt og lett for motoren, han «marsja» med 10 kn.

Ein registrerar at båtar ofte skifter eigar, dette er truleg for ein stor del resultat av strukturering og kvoteordninga. Kvota er ofte grunnen for båtkjøp og båten er berre noke som fyl med. I mange høve vert då båten kondemnert eller ein organisasjon som ikkje skal drive fiske overtar. Om historia til andre båtar bygde på Vik kan du lese på båtlista på Vik.

Seinare eigarar

  • Seld i 1975 til Ola og Arvid Flem, Longva. Båten fekk no namnet «Flemsvik» og registrert M-53-H.
  • Seld i 1984 til Jon Muren, Gjerdsvik og fekk no namnet «Vikanes Senior», registrert M-53-S.
  • Seld i 1993 til Haugstad AS, Gursken og omdøypt til «Haugstad», same registrering.
  • Seld i 1997 til Nesagutt AS v/Roald Otterlei, Brattvåg, omdøypt til «Nesagutt», M-83-H.
  • Seld i 1999, sept, til Dag Østrem, Lindesnes men seld attende til NesaguttAS like etter.
  • Seld i 2000 til Jostein Danielsen, Nordnesøy. Båten fekk då namnet «Nesøygutt», reg N-143- R. *Seld i 2003 til Brønnøygutt AS v/ Jan-Erik Johnsen, Brønnøysund. Omdøypt til «Brønnøygutt», reg N-5-BR.

Sank ved kai.

Truleg vart han heva men om båten eksisterar er uvist. Kjem det nye opplysningar vert dei lagd inn her.

Motorar

Som ny båt i 1953 innsett 50 Hk Volda motor. I 1964 180 Hk Caterpillar. I 1997 er der ei 290-312 Hk Scandia frå 1987. Den motoren restaurerte Danielsen i 2000 – 2001.

Bilder

Klikk på bilda så får du dei opp i størrelse og heile bildeteksta kjem opp under.

Kjelder