MB «Speser»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette er MB «Speser» slik ho var før ombygging på Vik Båtbyggeri.

MB «Speser» var eit fraktefartøy frå Melbu i Vesterålen. Bygd ved Holms verft, Sverige, i 1928, oppgitt til 93 brt. Det var ei svartmåla, kravellbygd, svenskemakke i eik, bogen baug og speiel. Eigaren, Malvin Eriksen frå Melbu, hadde kjøpt båten frå Sverige, og brukt den til sandfrakt og kystfrakt. «Speser» kom til L/L Vik Båtbyggeri i januar 1960.

Opplysningar frå Erik Isaksen

Ved kjøp i Sverige hette båten «Spes». Dette navnet kunne ikke brukes i Norge da det allerede var registrert et fartøy med samme navn. Det ble derfor lagt til - er - slik at navnet ble «Speser».

Båten var rigget for seil da den kom fra Sverige. Den hadde to master og baugspyd. Det var også to lasteluker.

Motoren var en-sylindret av merket Scandia og hadde 65 hestekrefter. «Speser» oppnådde en fart på rundt 6 knop med denne motoren.

Framme var det en innredet lugar som ble brukt til lager. En bratt leider førte ned dit. Det var også et lite dekkshus framme på babord side hvor toalettet var.

Byssa var like bak styrehuset. Under byssa var det en stor lugar med egen ovn. Det var mulig å bevege seg "innomhus" fra styrehuset via byssa og til lugaren.

Under et lavt frambygg foran styrehuset var maskinrommet. Inngangen var via en skyveluke på styrbord side i frambygget. Normal bemanning ved sandfrakt var 3-4 mann.

Eieren Malvin Eriksen var en særdeles habil snekker som også gjorde diverse arbeider på skøyter som ble slipsatt på Melbu, - blant annet utskifting av plank i skrog.

Jeg har vært på tur både med gamle og nye «Speser» sammens med min bestefar Malvin Eriksen. Husker spesielt den gamle. Jeg skulle få være med på å starte motoren. Startpatronen (var ikke elektrisk gløding) var satt på plass og jeg skulle slippe inn trykkluft i sylinderen. Jeg var ikke rask nok med å stenge slik at stemplet ble presset til bunns og ikkje kom opp igjen.... fikk prøve en gang til og da gikk det bra. Jeg var kanskje 10 år da. Båten laget bølger når den lå i ro og motoren gikk. Den "gynget" godt i sjøen.

Det som skulle utførast

Båten skulle forhøyast tre hudgangar, og få kryssarhekk. Under arbeidet bestemte eigaren seg for at baugen skulle skiftast med ein rana baug, framover liggande. Den gamle baugen vart kappa av og vinsja tilsides. Kaising eller dekkshus skulle byggast i jern, og vera i full breidde. Alle lugarar skulle innreidast på dekk, altså i kaisinga. Det skulle byggast overbygg med rorhus og bestikklugar, og ein skipperlugar i bakkant. Motoren skulle skiftast med ein brukt 130 hk Voldamotor.

Arbeidet

Speser har vorte ny i begge endar. Kjeisinga er på plass, og då er også dekk lagt. Hudlegging står att.

Å rive hud og dekk på denne båten var ein tung jobb. På dei tre øverste hudgangane var det 5/8 toms spisboltar i svart stål, det var omlag to stykkjer mellom kvar rekkestøtte. Skanndeksboltane var også i svart stål, der er litt meir usikkerheit på dimensjonen på dei. Huda vart kappa mellom kvart spant, for å få kortare bitar å splitte. Eikematerialen var seig og floken, og rivinga måtte gjerast utan å skade dei spanta som skulle nyttast. Spanta var doblingspant i eik. Alle spant måtte lengast opp for tre plankar, då båten skulle forhøyast. Difor måtte huda rivast så langt ned at ein nådde spanteskøytane. I praksis vil det sei til under vannlinja, for når båten var ferdig skulle huda overvass vera lik på heile skroget. Spesifikasjonar på båten har ein ikkje, men den var relativt grunn i forhold til breidde. Dermed så vert også botnen nokså flat. Deksbjelkane kom rå rett frå sagbruket. Det var stokkskoren material av fure, dimensjon omlag 8 tomar. For å sage dei med dekkskrumd trengdest det 7-8 mann for å handtera dei på bandsaga. Huda var også nysaga, og rå, omlag 2 1/4 toms tjukk, og omlag same tjukte på garnering. Hudplank til båt er vanlegvis stokksaga, det for at ein del av hudplankane skal formast. Bakarste kjølplanken, og nokre omfar til treng oftast nokså stor breidde. I garneringa var det to eller tre livholtgangar. Over bjelkevegar var det revisè for å få ei større lege for bjelkane. Som vanleg var bjelkane felte ned med enkel svalehale. Kaisinga var bygd om bord når båten stod på slipp. Alle lugarar var på dekk, sameleis bysse og messe. Heilt bak var opa sidekledning over rekkehøgde, det for å fortøye. I overbygget var det bak rorhuset, bestikklugar og skipperlugar. På babord side var davitar for livbåt. Båten hadde to klyss for to patentanker. Den gamle motoren vart teken ut og ein brukt Voldamotor på 130 hk vart sett inn. Riggen vart ikkje endra. Olav Moen sitt foto frå 1987 viser at båten også har fått ny rigg med hydraulisk gaiermotor. Riggen er flytta framover, og lukekarmen er lenger. Dermed lang bom, og sjølvom det ikkje viser på bilde er der nok hydraulisk bomlyft. Fortøyningsromet akter som tidlegare hadde vore ope over rekkehøgd er attbygt. Det er gjort ved påskrua plater, men er ikkje teke med i innreidinga, så det er eit kaldtrom, brukt til lager. Når båten vart sjøsett frå Vik Båtbyggeri var lengda sagt å vere om lag 90 fot. Dei offisielle spesifikasjonar kjenner ein ikkje til. «Speser» forliste etter kollisjon utafor Lødingen den 13. januar 1994. Båten sitt kjenningssignal var: LLCA. Sjå også båtlista for Vik.

Eigarar

  • Malvin Eriksen, Melbu, brukte båten til sandfrakt og kystfrakt slik som før ombygging.
  • 1973 er Roald Jensen, Kabelvåg eigar. Dei dreiv sandfrakt om sommaren, og fiskefrakt vinterstida.
  • Neste eigar var: L. Bergs Sønner, Svolvær. Det er ei fiskeforedlingsbedrift, og dei brukte truleg båten mest til fiskefrakt.
  • I 1986, den 4/4 kjøpte AS Havnetransport, Kristiansund v/ Ove Flessen, båten. Havnetransport brukte båten til fiskefrakt og stykkgods. To år før Havnetransport overtok «Speser», hadde båten fått innmontert ny motor, ein «GM Detroit» på 365 hk. Nytt overbygg var også frå om lag same tid.
  • Tore Mortensen, Gibostad står som eigar i 1992.

Bilder av Speser

Dei to som dikslar er Håkon Berg og Magnar Høydal. Her vert spanta hogde til for å legga bjelkevegar. Ein ser inderstamnen og to breitømmer på kvar side av den. Vidare er det rekkestøttene som stikk lengst opp. På toppen av rekkestøttene ligg ei lekte på utsida, det er det som vert kalla ei «ri» eller «rai» litt ymse alt etter dialekt. Denne er svartmåla for lettare å sjå mot lyst treverk. Her er godt augemål eit viktig hlelpemiddel for å få fram fine linjer. Når justeringa er ferdig vert rekkestøttene kappa.
Her ligg Speser ved kai på Innlandet i Kristiansund. Det er frå då Havnetransport eigde båten.

Kjelder

  • Erik Isaksen, Vestre Jakobselv.
  • Olav Moen, Hundvåg.
  • Ove Flessen, Kristiansund.
  • Håkon Høydalsvik, medeigar av Vik Båtbyggeri.