MB «Strandheim»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2013 kl. 19:01 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (lagt til lenkje til kjeldearkivet)
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Strandheim» står på slipp i 1955 og får vårpuss. Ståande Paul Strand, den andre er Oddvar Muren. «Strandheim» var nesten kvart år på 1950 talet innom båtbyggeriet for slippsetting og vanleg vedlikehald.

MB «Strandheim» var en kutter. Båten ble ombygd i 1946. «Spiren» er lagt ut av Wiki, ombygginga i 1946 siktar nok til forlenginga. På bilda på høgresida her har båten rorhusfront av teak. Kan nokon sei når den vart bygd?Mal:Thumb høyre


MB«Strandheim» M-83-S, var bygd for Hans Strand m. fl. i 1935 av Lars Salthammer på Vestnes, Møre og Romsdal. Lengda på båten er i fiskeriregisteret frå 1938, 42,8 fot, bredde 13,2 fot og djupte 6,7 fot. Motor 22 HK Volda og ein fangstbåt. Anvendelse; k som står for kystfiske. Kallesignal:LCLB.

Båten kom til L/L Vik Båtbyggeri for forlenging i 1946. Under forlenging må ein rive plankar forover og bakover på både hud og garnering. Det kan ofte vere eit omfattane arbeid. Fører oftast til at oljetankane i maskinromet må ut og i lugaren vert det heller ikkje så mykje som vert «verna». Dette for å koma til for å få lovlege omskot på alle plankar. Skipskontrollen kontrolerar dette dersom dei hadde synfaring under arbeidet. Vasstanken stod på lugarskotet på styrbord side. Under fylling hadde det mange gonger vore fylt over og når fukt kjem frå ferskvatn er det grunn til misstanke. Der hadde vorte ei blanding av rôt og kolfyr i spanta, både framom og bak over frå der vasstanken hadde vore. Det førde til at det vart skifta ut mange røter og nedste del på septera (det tømmeret som ikkje har rot) i dette området.

Fiskeriregisteret for 1948 viser at båten er forlengd til 50,0 fot, br. 13,5 fot, dj. 6,7 fot som før. Ved forlenging aukar breidda litt når for og bakpart vert knytt saman og skal få ei naturleg linjeføring. Alle måla i fiskeriregisteret for denne båten er i opprettståande skrift, det tyder norske fot. Under forlenginga var eigarane med og såg til at lengda vart akkurat 50 fot. Utføring og dimensjonar ved slike arbeid vert som når båten var nybygd. Artiklane om Doblingspant og Hud og dekk har med litt om den vanlege byggemåten ved Vik. Sjå også båtlista for Vik. Historia om MB«Strandheim» har Paul Birger Karlsen, Espeland forklart detaljert. Han har også med namna på dei mange båteigarane. Les om dette på eksternlenkje under artikkelen.

Tidlegare eigar Jakob Strand har skrive ein fornøyeleg artikkel om Skårunge på Storsildfiske i 1951.


Bilder

Kjelder

Ekstern lenkje

STP Scandinavian Transport Portal