Maaen notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 10:08 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over indre del av Austefjorden

Maaen notlag (utan meir opplysingar er dette eit konstruert namn) var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune.

For å markere skiljet i fysisk plassering for Grasnesnota med naust i Grasneset og same not etter at Maaen flytta den til Trongestøda på Årset vert valgt namnet Maaen notlag. Ein har førebels ikkje sikker informasjon om at dette namnet var brukt slik.

Då samhaldet rakna i det gamle Grasnes notlag som hadde eigarar heilt til Eide, var det Didrik Maaen som overtok nøtene på Grasneset mellom 1900 og 1910. (Bygslekontrakta på 30 år i Grasneset/Grusneset gjekk ut 1910, så dette kan vel og vere ei årsak til at selgjande notlag avslutta drifta). Maaen kjøpte desse nøtene og fleire til. Han bygde nytt naust i Trongestøda på Årset. Botna-Lars, som var formann og medeigar i Grasnesnota, vart med som bas for Maaen ei tid.

Det var vanskeleg å skaffe mannskap på kort varsel, så nøtene vart seld etter mokre år.

I Trongestøda på Årset vart og førslebåten «Fritjof» bygd. Denne båten fekk innsett motor i 1904. I fylgje avisa «Møre» skal dette vere fyrste båten i Volda som fekk innsett motor, truleg også den fyrste der nybygget var tilpassa motor.

Kjelder:

  • Utskrift frå Statsarkivet i Trondheim 18. jan. 1983, bygslekontrakt datert 14.juli 1880 (for Grasnes).
  • Møre
  • Gjersdal, Kåre f. 1927
  • Områdeinformasjon:
  • Busetnadssoga for Volda band 3 (Austefjordområdet)
  • Voldasoga band 2 og 3, Per Årviknes

Austefjord Museumslag