Magna Aal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Mal:Thumb høyre Magna Aal (fødd Dillan 23. januar 1885 i Verdal, død 27. oktober 1959) var lærarinne i Øvre Kvam, Nord-Trøndelag

Ho var dotter av Martha f. Hjelde (1856-?) og lærar/kyrkjesonger Mikael Dillan (1848-?). Magna Dillan gjekk fyrst Vårtun hagebruksskule i Steinkjer (1904) og tok deretter eksamen ved Holmestrand lærerskole (1908).

Som nyutdanna var ho vinteren 1908-09 vikar i Vuku og Hegra, og hausten 1909 vart ho tilsett som lærarinne i krinsane Noem og Rygg, Kvam i noverande Steinkjer kommune. I 1915 fekk Magna Aal stipend til eit teiknekurs på Volda lærarskule.

Ho vart gift med sersjant Nils Magnus Aal (1873-1940), son av bonde Erik Aal og Sofie. Magna og mannen fekk to søner.

Magna og Nils Magnus Aal er gravlagde på Kvam kyrkjegard. På både gravminnet og i folketeljinga for 1910 er fødselsåret 1886 oppgjeve, medan det står 1885 i andre kjelder, mellom anna dåpsregisteret i kyrkjeboka. Derfor er truleg 1885 det rette.

Kilder og litteratur

Eksterne lenker