Magnhild Hagelia

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnhild Hagelia (fødd 6. mai 1904, død 4. juli 1996) var Noregs fyrste kvinnelege lagtingspresident. Ho vaks opp i Gjerstad på garden Hagelia, ho var eldst av åtte sysken. Foreldra var småbrukar Peder Jakobsen Hagelia (1874–1941) og Karen Tomine (“Mina”) Pedersdatter Gryting (1881–1956). Ho hadde revisorkurs, gjekk på Treiders handelsskole og hadde eksamen i jordbruksbokføring. Magnhild Hagelia var ugift.

Ho blei valt inn i kommunestyret i Gjerstad for Arbeiderpartiet i 1945, men flytta kort tid etter valet. Seinare vart ho valt medlem i kommunestyret i Fjære 1947 – 1951, i Øyestad 1956 – 1959 og Grimstad 1971. Magnhild Hagelia satt på Stortinget i 16 år frå 1950 til 1965. I 1962 blei ho valt til visepresident i Lagtinget, og blei då den fyrste kvinna som leia et møte i nasjonalforsamlinga.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Kjelde

stortinget.no, henta 21. januar 2013

Ekstern lenke:

Filmklipp NRK: Norges første kvinnelige lagtingspresident, henta 21. januar 2013.