Magnus Haraldsson

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 16:14 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus II Haraldsson
Personalia
Tittel: Konge av Norge
Regjeringstid: 10661069
Fødselsnavn: Magnus Haraldsson
Fødselsdato: ca. 1049
Bortgang: 28. april 1069
Dødssted: Nidaros
Foreldre: Harald Hardråde og Tora Torbergsdotter
Barn: Håkon Magnusson Toresfostre

Magnus Haraldsson (fødd omk. 1049, død 28. april 1069 i Nidaros) var konge av Noreg frå 1066 til sin død. Han var son av Harald Hardråde og Tora Torbergsdotter. Frå 1067 herska han saman med sin bror Olav Kyrre.

Det finst ikkje mykje informasjon om Magnus i sagaene, og ingen kjende skaldekvad. I mellomalderen vart han ikkje rekna med bland landets kongar; det er først i seinare tid at han har fått plass i kongerekka. Hos Snorre vert han omtala som kong Magnus, og det står at han rådde over Noreg aleine det året Olav var i England. Årsaka til at han fall ut av kongerekka er at Olav Kyrre herska saman med ham i to av dei tre åra Magnus var konge, og Olav var så einekonge heilt til 1093. Med unntak av Olavs etterfølgjar Håkon Magnusson Toresfostre, som var son av Magnus Haraldsson og herska saman med Olavs søn Magnus Berrføtt, var det óg Olav Kyrres etterkommare som førde Hardråde-slekta vidare.

Det vi veit om Magnus er at han skal ha vore med faren på krigstog til danske farvatn i 1062. Den norske hæren vann da slaget ved Niså i Halland. Då Harald Hardråde forebudde seg på erobringa av England i 1066 fekk han Magnus hylla som konge, før han segla ut med sønen Olav. Harald fall ved Stamford Bridge i september 1066, og så Olav kom att frå England året etter vart han hylla som Magnus' medkonge. Det ser ut til at dei tok kvar sin del av riket, Olav satt i Vika og Magnus styrde Opplanda, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge. Vi kjenner ikkje nokre problem mellom dei to, så denne riksdelinga har nok verke etter hensikta.

Magnus døydde berre omkring tjue år gammal i Nidaros den 28. april 1069. I sagaen heiter det at han døydde av ringorm, men seinare forskning tyder på at det var ergotisme, forgifting av mjøldrøye. Han var gravlagd i Nidaros. Snorre skriv at han var ein konge som var elska av heile folket.

Kjelder