Malmvegen 18 (Bykle)

Malmvegen 18 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne heimen i Stusslifeltet vart bygd av Andrew og Iris Benjamin i 1977, og dei har budd her sidan. Bustadnamnet Lhotse Shar er etter ein fjelltopp i Himalaya.

Malmvegen 18 (Bykle)
Alt. namn: Lhotse Shar
Utskilt: 1976
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 295
Type: Bustadseigedom
Andrew Benjamin, bilete funne i kommunearkivet.

Andrew Frederic Benjamin, f 1947

g 1972 m Iris Løvlie, f 1972. Born:
  • Yvonne, f 1972, g 1994 m Adam Hall, sjå Jernvegen 30, bnr 788

Andrew er frå Sunderland i England, og son åt Hannah og Richard Stephen Benjamin. Då han og Iris flutte til Hovden frå Kristiansand i 1975, var han bygningsmann av yrke. Tidlegare hadde han vore yrkesmilitær. I 1982 byrja han med sportsforretning på Hovden, fyrst i ei avdeling i Varesenteret, sidan i åra 1986 til 1996 i Furumo, bnr 51, og frå det sistnemnde året i Fjellgardstun, bnr 20. Iris er frå Kristiansand, og dotter åt Arne og Nelly Løvlie. Ho har arbeidd saman med Andrew i sportsforretninga i mange år. Då far hennes vart enkemann i 1999, flutte han hit til dottera og familien hennar, og budde hjå dei inntil han hausten 2004 flutte på bygdeheimen i Bykle.

Arne Løvlie, f 1928

g m Nelly, f 1929, d 1999

Arne arbeidde i eit spedisjonsfirma i Kristiansand.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 18 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 16 • Neste bolk: Malmvegen 19

Koordinater: 59.55795° N 7.36169° Ø