Malmvegen 21 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 18. mar. 2017 kl. 00:22 av Siri J (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 21
Utskilt: 1976
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 322
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 21 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Svein Hovden kaupte denne tomta i 1976, bygde hus, og flytte hit då han vart pensjonist.

Svein Hovden ca 1939. Bilete frå Setesdalsmuseet.
g 1. m Ruth Jansen, f 1920. Born:
  • Solveig, f 1944, g m Knut Mikkelrud, busett Aurskog, born:
  • Hanne, husmor, f 1966, busett Aurskog, g m Simeon Mous Mina, fire born
  • Hege Hovden, butikkmedarb. f 1971, busett Aurskog, g hv, to born
g 2. 1949 m Ågot Kamilla Gjerstad, f 1918, d 2000, ikkje born

Svein K. Hovden var son åt Kjetil S. Hovden i Hovden Der nede, og kona Torbjørg Olavsdotter, fødd Breive. Ruth Jansen er frå Hvittingfoss og dotter åt Anna og Wilhelm Jansen. Ho er (2004) busett i Spydeberg, Østfold. Ågot Gjerstad var frå Haugesund. Svein var den fyrste frå Bykle som tok artium, og etter kvart også den fyrste lækjaren frå Bykle. Han var student under krigen, og vart arrestert og sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland tilliks med mange andre norske studentar. Etter krigen fullførde han medisinstudiet sitt, og arbeidde sidan fleire stader i Nord-Noreg og på Vestlandet, inntil han vart distriktslækjar i Valle i 1961 (jfr. Valle, IV 231). Bykle var på denne tid ein del av Valle lækjardistrikt, og Svein var den einaste lækjaren i det store området til distriktet vart dela i 1977, og Bykle fekk eigen lækjar. Vidare må nemnast at Svein også var ein kulturpersonlegdom, spilemann, kunstmålar og sogeforteljar. Han fylgde såleis tradisjonen etter bestefaren Svein Knutsson Hovden.

I 2004 kaupte Unn Hovden og Dirk Richter huset etter han.

  • Unn Hovden, f 1969
sb m Dirk Richter, f 1964. Born:
  • Trym, f 2001
  • Idun, f 2004

Unn er dotter åt Bjørgulv Halvorsson Hovden og kona Gerd Fosse Hovden. Ho arbeider som dagleg leiar i HovdenFerie. Ho er politisk interessert, og representerer AP i Bykle kommunestyre. Dirk er fødd i Køln, Tyskland, og tysk statsborgar, men oppvaksen i Bærum. Foreldra hans er Antje og Peter Richter. I yrkeslivet driv han sitt eige firma i hytteformidlingsbransjen.

Unn Hovden, bilete teke av Setesdølen i 2005.
Dirk Richter og Unn Hovden med borna Idun og Trym. Biletet er teke då Idun vart døypt i 2004. Me fekk det hjå Unn, og gjet på at det var Gerd, mor hennes, som var fotograf. Elles noterer me at Unn, tilliks med mange andre frå Fjellgardane brukar Vest-Telemarksbunad.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 21 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 20 • Neste bolk: Malmvegen 22

Koordinater: 59.55849° N 7.36039° Ø