Mannen (Rauma)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. okt. 2018 kl. 07:36 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (-)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mannen er fjellet lengst til venstre på dette biletet av Trolltindan.
Foto: Jac Brun (1956).

Mannen er eit fjell i Rauma kommune i Romsdal, med topp på 1294 meter over havet. Lokalt er det den særeigne tindenåla som kallast Mannen, medan fjellområdet nedafor kallast Børa-platået. Fjellet ligg i Reinheimen nasjonalpark

Sidan 2009 har Mannen vore overvåka av Åknes/Tafjord beredskap IKS, då ein fryktar eit stort ras. Opp mot 100 millioner m³ masse kan rase ut, og 2–3 millioner m³ kan treffe dalbotnen der det står hus. Raumabanen og E136 går òg gjennom denne dalen, og elva Rauma kan verte demma opp og skape flom. Hausten 2014 var det auka rørsle i fjellet, som særleg er sårbart for nedbør. Fleire hus vart evakuerte og Raumabanen vart stengd. Dette har sidan skjedd fleire gonger.

I 2017 byrja ein pumpe inn vatn i fjellet for å utløse raset. Ein veit at det vil kome snart, og det er derfor betre å utløyse raset medan alle som bur i nærleiken er evakuerte.

Litteratur