Mannhusing

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. des. 2018 kl. 12:20 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Mannhusing''' er i tradisjonell språkbruke eigentleg alt folket i ei samfunnseining, t.d. ein gard, ei grend, eit sokn eller liknande, som går saman om å løyse fellesoppgåver...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mannhusing er i tradisjonell språkbruke eigentleg alt folket i ei samfunnseining, t.d. ein gard, ei grend, eit sokn eller liknande, som går saman om å løyse fellesoppgåver. Nemninga er kanskje best kjent frå forsvarsbruk, når fienden stod i landsdelene eller bygda, og alle våpenføre menn skulle gå «mann av huse». Denne plikta går fram av landvernsbolkene i det gamle lovverket.

Da legdshæren vart oppretta i 1628 vart reglane om mann av huse, folkeoppbodet, ståande, men endra karakter. Dei yngste vart da skrivne ut til hær og sjøforsvar, men etter kvart kom desse att og gjekk inn i oppbodet med erfaring frå slik teneste.

Statthaldaren, Ulrik Frederik Gyldenløve, gav i 1673 instruks om at eit utval av folkeoppbodet, ein til tre frå soldatlegdene, ikkje legdene til kavaleriet, skulle under leiing av futen mønstrast og ekserast fire gong i året. Den eller dei utvalde skulle få dei beste private geværa som fanst i legdet, og futen skulle vere kaptein for styrken.

Litteratur

  • Jenstad, Tor Erik og Dalen, Arnold: Trønderordboka. Tapir 1997. Mal:Bokhylla
  • Schiøtz, Johannes: Elleveårskrigens militære historie : avslutningen av den store nordiske krig. 1 : Almindelige forhold ved krigsutbruddet : Troppesamlingen i 1709. Forsvrasdepartementet 1936, side 182-187. Mal:Bokhylla