Mari Amundsdtr. Jerkenhaugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jun. 2017 kl. 09:01 av Kallrustad (samtale | bidrag) (kategoritest)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mari Amundsdtr. Jerkenhaugen (fødd 1842 på Vesl-Lykkja, ein plass under Ulateig i Lesja,[1] død 1917 i Larslykkja, ein plass under Isaksbø.[2]) var husmannskone. Mari gifta seg i 1863 med Gunnar Jørgenss. f. 1838 på Jerkenhaugen, ein plass under ,[3], død 1907 i Larslykkja.

Mari og Gunnar tok over Jerkenhaugen etter foreldra hans kring 1870 og dreiv fram til ein gong kring 1885 da dei flytte til Larslykkja. Larslykkja var ein mykje dårlegare plass enn Jerkenhaugen,[4], så grunnen til at dei flytte kan ha vore det Mari fortalde truleg i 1909: mannen Gunnar var «helselaus» i 25 år, og det må syne attende til først i 1880-åra.

Om Mari og familien i kjelder på nett

Referanser

  1. Bygdebok for Lesja bd. 3 s. 331.
  2. Bygdebok for Lesja bd. 3 s. 417.
  3. Bygdebok for Lesja bd. 3 s. 402f.
  4. Tor Einbu []: Husmannsfolk i Moen og Jerkenhaugen. I Årsskrift for Lesja historielag 2002 s. 43f.

Eksterne lenker