Mariann Skotte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Mariann Skotte (fødd 1976) er Senterparti-politikar. Ho vart i 2015 den fyrste kvinnelege ordføraren i Lesja i Gudbrandsdalen. Skotte fekk halde på ordførarstolen etter kommunevalet i 2019, då Senterpartiet fekk 48,6 % av røystene. Også i 2023 vart ho attvald.

Ho kjem frå Vinstra i Nord-Fron, men flytta til Lesjaskog på slutten av 1990-talet. Mariann Skotte er gift med Steinar, og dei har barna Simen, Morten og Andrea.

Før ho vart ordførar, arbeidde Skotte i økonomiavdelinga i Dovre kommune. Ho er òg gardkjerring på Nordpå Enstad. Skotte har dessutan vore leiar i Aksjonsgruppa for Lesjaambulansen.

Kjelder og litteratur

Sjå òg