Marie (Megård) Sandblåst

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. feb. 2016 kl. 22:22 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Marie (Megård) Sandblåst (1922-2011) var lærarinne og forkynnar i Det Vestlandske Indremisjonsforbund (seinare Indremisjonsforbundet, ImF). Sandblåst vart fødd på Lillehammer, men fekk oppveksten sin i Kristiansund. Her opplevde ho by-brannen og evakueringa i 1940.

Engasjement i kristeleg verksemd

Sandblåst var aktiv i Den Indre Misjon (seinare Kristiansund Indremisjon), først i søndagsskulen, seinare i yngreslag og ungdomsforening. I 1942-1943 gjekk ho på Bibelskolen i Bergen (seinare Bildøy Bibelskole). Under dette året opplevde ho å få stadfesting på kallet til å verta forkynnar.

Etter dette vart Sandblåst forkynnar i Nordmøre krins av Det Vestlandske Indremisjonsforbund. På mange av stadane ho forkynte, braut det ut vekkjingar.

Arbeid som lærarinne, og siste leveår

Etter at Sandblåst slutta som aktiv forkynnar, vart ho lærar i barneskulen. Lengst fartstid fekk ho ved Hustad skule i Fræna kommune. Også i denne tida var ho aktivt med på kristelege møte rundt om i bygdene, med tale og song. Ei tid var ho ho også leiar i eit barnemusikklag. Dei tre siste åra av livet sitt budde Sandblåst i Elnesvågen. Også her var ho med i bedehusmiljøet.

Marie Sandblåst vart gravlagt ved Myrbostad kyrkje 21. oktober 2011.

Sjå også

Kjelder og linkar