Marifjøra: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Marifjøra''' er ein tettstad ved Gaupnefjorden i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Marifjøra ligg ved utlaupet av Maradalen og var hamn, handelsstad og tingstad for by…)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:
Marifjøra er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1371. Det var handelsstad og bygdeallmenning for inn- og utskiping av varer. Marifjøra var den sentrale handelsstaden både for [[Indre Hafslo]] og [[Jostedalen]]. Fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra ved mikkjelsmesse-tider. På 1800-talet vart Marifjøra òg dampskipsstoggestad.  

Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgiver i Marifjøra, og i det noverande [[Tørvis hotell]]finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet.
Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgiver i Marifjøra, og i det noverande [[Tørvis hotell]] finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet.

Den gamle tingstova for Indre Hafslo står enno på garden [[Hunshamar]] like ved Marifjøra.
Den gamle tingstova for Indre Hafslo står enno på garden [[Hunshamar]] like ved Marifjøra.

Sideversjonen fra 17. nov. 2010 kl. 16:47

Marifjøra er ein tettstad ved Gaupnefjorden i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Marifjøra ligg ved utlaupet av Maradalen og var hamn, handelsstad og tingstad for bygda Indre Hafslo, som femner om Fet og Joranger sokn. Marifjøra høyrde såleis til Hafslo kommune før kommunesamanslåinga i 1963.

Tinglaget Marifjøra var òg eige skipreide med namnet Marifjøra.

Marifjøra er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1371. Det var handelsstad og bygdeallmenning for inn- og utskiping av varer. Marifjøra var den sentrale handelsstaden både for Indre Hafslo og Jostedalen. Fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra ved mikkjelsmesse-tider. På 1800-talet vart Marifjøra òg dampskipsstoggestad.

Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgiver i Marifjøra, og i det noverande Tørvis hotell finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet.

Den gamle tingstova for Indre Hafslo står enno på garden Hunshamar like ved Marifjøra.

Marifjøra tapte særleg posisjonen sin som leiande handelsstad ved Gaupnefjorden då Gaupne vart administrasjonssentrum i den nye storkommunen Luster i 1963.

Kjelder

  • Handel og gjestgiveri i Marifjøra, Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
  • Svangstu, Mai, og Henny Eikum Roterud. (1995). Strandstaden Marifjøra. Studentarbeid. Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane.