Marifjøra: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(ko)
m ({{nn}})
Linje 19: Linje 19:
[[Kategori:Grender og bygdelag]]
[[Kategori:Grender og bygdelag]]
{{artikkelkoord|61.38119|N|7.30646|Ø}}
{{artikkelkoord|61.38119|N|7.30646|Ø}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 26. jan. 2016 kl. 14:02

Marifjøra er ei tettbygd grend ved Gaupnefjorden i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Marifjøra ligg ved utlaupet av Maradalen og var hamn, handelsstad og tingstad for bygda Indre Hafslo, som femner om Fet og Joranger sokn. Marifjøra høyrde såleis til Hafslo kommune før kommunesamanslåinga i 1963.

Tinglaget Marifjøra var òg eige skipreide med namnet Marifjøra.

Marifjøra er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1371. Det var handelsstad og bygdeallmenning for inn- og utskiping av varer. Marifjøra var den sentrale handelsstaden både for Indre Hafslo og Jostedalen. Fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra ved mikkjelsmesse-tider. På 1800-talet vart Marifjøra òg dampskipsstoggestad.

Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgjevar i Marifjøra, og i det noverande Tørvis hotell finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet.

Den gamle tingstova for Indre Hafslo står enno på garden Hunshamar like ved Marifjøra.

Marifjøra tapte særleg posisjonen sin som leiande handelsstad ved Gaupnefjorden då Gaupne vart administrasjonssentrum i den nye storkommunen Luster i 1963.

Kjelder

Koordinater: 61.38119° N 7.30646° Ø