Marifjøra: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(satt inn bilde)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
Tinglaget Marifjøra var òg eige skipreide med namnet ''Marifjøra''.
Tinglaget Marifjøra var òg eige skipreide med namnet ''Marifjøra''.


{{thumb|Marifjøra - no-nb digifoto 20160217 00081 NB MIT FNR 00894.jpg|Marifjøra|Nasjonalbiblioteket}}Marifjøra er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1371. Det var handelsstad og bygdeallmenning for inn- og utskiping av varer. Marifjøra var den sentrale handelsstaden både for [[Indre Hafslo]] og [[Jostedalen]]. Fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra ved mikkjelsmesse-tider. På 1800-talet vart Marifjøra òg dampskipsstoggestad.  
{{thumb|Marifjøra - no-nb digifoto 20160217 00081 NB MIT FNR 00894b.jpg|Marifjøra.|Nasjonalbiblioteket}}Marifjøra er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1371. Det var handelsstad og bygdeallmenning for inn- og utskiping av varer. Marifjøra var den sentrale handelsstaden både for [[Indre Hafslo]] og [[Jostedalen]]. Fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra ved mikkjelsmesse-tider. På 1800-talet vart Marifjøra òg dampskipsstoggestad.  


Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgjevar i Marifjøra, og i det noverande [[Tørvis hotell]] finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet.
Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgjevar i Marifjøra, og i det noverande [[Tørvis hotell]] finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet.

Sideversjonen fra 8. nov. 2019 kl. 10:38

Marifjøra i Luster kommune med D/S «Sogn» ved kai.
Foto: Nasjonalbiblioteket

Marifjøra er ei tettbygd grend ved Gaupnefjorden i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Marifjøra ligg ved utlaupet av Maradalen og var hamn, handelsstad og tingstad for bygda Indre Hafslo, som femner om Fet og Joranger sokn. Marifjøra høyrde såleis til Hafslo kommune før kommunesamanslåinga i 1963.

Tinglaget Marifjøra var òg eige skipreide med namnet Marifjøra.

Marifjøra.
Foto: Nasjonalbiblioteket

Marifjøra er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1371. Det var handelsstad og bygdeallmenning for inn- og utskiping av varer. Marifjøra var den sentrale handelsstaden både for Indre Hafslo og Jostedalen. Fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra ved mikkjelsmesse-tider. På 1800-talet vart Marifjøra òg dampskipsstoggestad.

Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgjevar i Marifjøra, og i det noverande Tørvis hotell finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet.

Den gamle tingstova for Indre Hafslo står enno på garden Hunshamar like ved Marifjøra.

Marifjøra tapte særleg posisjonen sin som leiande handelsstad ved Gaupnefjorden då Gaupne vart administrasjonssentrum i den nye storkommunen Luster i 1963.

Kjelder

Koordinater: 61.38119° N 7.30646° Ø