Marit Iversdotter (1818–1883)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Marit Iversdotter (fødd 17. august 1818 i Sør-Aurdal, død 10. desember 1883 i Nes i Hallingdal) var husmannskone, først i Sør-Aurdal i Valdres og så ved Nesbyen i Hallingdal.

Ho var dotter av husmann Iver Olsson (f. 1792) og Marit Matthisdotter (1794–1850), og vart fødd på Dølveseige i Sør-Aurdal. Mora kom frå ætta på Dølve. Ole Ellingsson Dølve var tippoldefaren hennar, og faren Mathias Iversson Dølve var husmann på Dølveseige. Ho vart døypt i Bagn kyrkje den 30. august 1818.[1]

Den 6. januar 1842 gifta ho seg i Bagn kyrkje med Paul Andersson Bakken (1821–1899), som var husmann på Skinrudbrøtin. Der budde dei fram til 1863. Marit og Paul fekk sju born:

Dei seks første borna vart fødde på Skinrudbrøting. Men i 1862/1853 braut familien opp. Det var ei vanskeleg tid i Valdres, og mange utvandra til Amerika. Marit og Paul hadde nok ikkje råd til det, eller dei ville ikkje, men dei måtte finne seg ein anna stad å bu for å kunne fø på familien. Så dei gjekk over til Hallingdal, og slog seg ned på Stuvengen ved Nesbyen. Der vart den siste ungen, Margit, fødd i 1863.

Ein tid etter at dei kom til Hallingdal gjekk noko gale. Det er ikkje lett å få dokumentert historia, men folk i slekta fortel at Paul stakk av med ei anna kvinne. Dei gjekk i retning Bergen, og skal ha tenkt seg over til Amerika. Men lensmannen tok dei att, og Paul vart sendt heim til kone og ungar. I folketeljinga 1865 finn vi dei på Stuvengen med seks ungar.[9] Marit står under namnet Margit Johansdotter, men det er heilt klart ein feil i teljinga - ho levde framleis med Paul då ho døydde i 1883, for han er ført opp som enkemann då.[10] Det står òg at alle ungane unnteke Andreas var fødde i Nes, men kyrkjebøkene syner at dei seks eldste var fødde i Sør-Aurdal. Eldstedottera Sigri var ikkje der; ho tjente truleg på ein gard. Vi veit nemleg at ho var i live i 1865, og at hun var med til Hallingdal. For i 1871 gjekk det nok ein gong gale for familie, og denne gongen endte det særs tragisk.

Den 20. august 1871 sette tre ungdomar over Brommafjorden. Sigri og Johan – ho 24 år gamal og han 18 – skulle på fest saman med venninna Gunhild Halvorsdotter Moen. I kyrkjeboka for Nesbyen har presten skrive ned kva som hende i eit felles notat for dei tre i kolonna for dødsårsak: «20. aug. ved at roe over Brumma fra Børtnes Nordre til Løvigen i en daarlig Baad. De gjenfandtes Søndag 10. september». Nett korleis dei hamna i vatnet veit ingen, men dei må ha vorte tekne av straumen sidan det tok tjue dagar før dei vart funne.

Marit døydde den 10. desember 1883 på Bakken i Nes, og vart gravlagd frå Nes kyrkje den 22. desember.[11] Paul gifta seg i 1884 for andre gong med ei Mari Johannesdotter, som ifølgje nokre skal ha vore den kvinna han stakk av med rundt tjue år tidlegare.

Referansar

Litteratur og kjelder