Marit Mattisdotter (1794–1850)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Marit Mattisdotter (fødd 1794 i Sør-Aurdal, død 7. mai 1850 same stad) var husmannskone i Sør-Aurdal i Valdres.

Ho var dotter av husmann Mattis Ivarsson (1748–1815) og Marit Kristafersdotter (1757–1829). Faren var fyrste kjende husmann på Dølvesbergatn, og mora kom frå Nedre Jukam. Marit Mattisdotter var tippoldebarn til Ola Ellingsen Dølve (1637–1721), så ho stamma frå ætta på Dølve gjennom faren. Også på mora sin side hadde ho band til den ætta, då Arne Bjørnsson Dølve (d. før 1655) var 2*tippoldefaren hennar på den morssida. Marit vart døypt i Bagn kyrkje den 16. mars 1794.[1]

Mattis Iversson og Marit Kristafersdatter er nemnd på Dølvesbergatn frå 1778, og plassen vart også kalla Mattisbergatn etter faren til Marit Mattisdotter. Ho var det sjuande av dei åtte borna; vi veit at to av dei døydde før Marit vart fødd, og truleg døydde òg ein eller to andre av dei før 1794.

Den 1. januar 1818 vart Marit Mattisdotter gift med Iver Olsson (f. 1792) i Reinli kyrkje.[2]. Dei fekk fem born:

Sonen Iver skal ha vore fødd på Hølersetre og Kristafer på Koparvike. Det er ikkje teikn til at dei budde der; dei hadde slekt der, så Marit kan ha vore på desse bruka når ho fekk born. Det som er sikkert er at då Marit døydde i 1850 var ho framleis på Dølvesbergatn. Ho vart gravlagd frå Bagn kyrkje den 14. mai.[6]

Referansar

Litteratur og kjelder