Marit Rasmusdotter Bjørdal (d. 1664)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. apr. 2017 kl. 11:43 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Marit Rasmusdotter Bjørdal (d. 1664)''', òg kjend som «Sva-Maska» (fødd kring 1600, død 1664 i Stranda) var leilendingskone på Svabruket (Str...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Marit Rasmusdotter Bjørdal, òg kjend som «Sva-Maska» (fødd kring 1600, død 1664 i Stranda) var leilendingskoneSvabruket under Indre Bjørdal nær Sunnylven. Ho vart dømd for trolldomskunstar og avretta.

Vi kjenner ikkje til kven som var foreldra hennar, berre at faren heitte Rasmus. Truleg var ho fra det som i dag er Stranda kommune. Ho vart gift med Peder Mogensson Svabruket, og dreiv bruket saman med han. Dei skal ha klara seg godt der, og då det i 1640-åra vart retta skuldingar om trolldom mot Marit, svara ho at det var løgner frå folk i grenda som var misunnelege. Skuldingane skal ha kome etter ein nabokrangel om bruksretten til enger og jordflekkar i grenda.

Det skulle ta kring tjue år frå dei første skuldingane fram til ho fekk den endelege domen. I alle desse åra levde Marit og Peder med folkesnakket, og etter nokre år vart ho formelt stemna for retten. Naboane hevda at ho sett ondt på menneske og dyr, og at nokon hadde døydd av dette. Ho skal óg ha fått meir mjølk frå kyrne sine enn dei andre i grenda. Nokra av dei som la fram skuldingar skal ha vorte skjelt ut, og så vart dei brått sjuke. Det var òg nokre ulukker som vart knytta til trolldom frå Marit. Ho forsvarte seg som best ho kunne, men ofte var det med skrål og skrik, og det berre styrka mistankane mot ho. Marit Rasmusdotter var kjend for å seie ifrå når ho kom i konflikt med naboane. Tilnamnet «Sva-Maska» kan ha med dette å gjere, for maske kan ha tydinga 'styre, ståke, halde leven'. Men det kan óg ha tydinga 'pusle med, drive med', og så fall kan det henge saman med at ho arbeidde hardt på Svabruket. Sjølv om forsvaret hennar ikkje var det beste, vart ho sett fri.

I 1663 var ho for retten for andre gongen. No meinte retten at dei hadde nok prov, men ho fekk tilbud om frikjenningseid. Då måtte ho finne elleve eidskvinner som kunne gå god for ho, men ho fann ingen. Ho bad Gud sende eit teikn på uskuld, men heller ikkje det var det nokon hjelp i. Marit nekta for nesten alle skuldingar, men tilstod at ho kunne «vende vrede», det vil seie at ho kunne sende ondt attende til den som først hadde sendt ut ondskapen.

Den 28. mars 1664 vart ho dømd til døden som trollkvinne. Ho vart halshogd på Stordalsholmen, og kroppen vart så brent på bål. Sakefallsboka for Sundmørs fogderi syner at arrestforvararen sende rekning på åtte riksdalar for fjorten vekers kost, og skarprettaren fekk fire riksdalar.

Litteratur og kjelder