Martin Ervik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jan. 2017 kl. 19:30 av MortenHV (samtale | bidrag) (mal)
Hopp til navigering Hopp til søk

Martin Sigvald Ervik (fødd 13. september 1879 i Volda, daud 7. juli 1952) var lærar.

Han tok heile utdanninga si i heimbygda, med lågare lærarprøve i 1900, høgre lærarprøve i 1902 og mellomskule i 1906. Så byrja han å lesa til eksamen artium, som han tok på Hauges Minde i 1908. Han tok ikkje meir på universitetet enn førebuande prøver i 1909–1910.

Ervik hadde korte periodar som lærar og tidvis klokkar i Brønnøy, Herøy (1902–1906), Volda og Eftedal før han vart tilsett i Brandbu i 1910. Han styrte Brandbu middelskole frå 1911 til 1922, og var til slutt adjunkt ved Gjøvik høyere skole frå 1922 til 1949.

Ervik vart gift med Borghild Kinge frå Brandbu. Dei fekk tre døtre og ein son, og budde i Tordenskjolds gate 18. Ved sida av jobben var han leiar i Den Nordiske Kristne Buddhistmisjon i mjøsbyen. Han døydde i 1952 og er gravlagd på Gjøvik kirkegård.

Kilder og litteratur