Martin Kathenes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. apr. 2017 kl. 09:09 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Martin Kathenes (1889-1957) var eigar og skipper på galeasen «Loyal», som då skuta gjekk ut or skipsregisteret på 1960-talet, skal ha vore den største seilskuta her til lands utanom skuleskipa.

Martin Kathenes kom frå Tysnes i Sunnhordland. Han reiste tidleg til sjøs, og byrja karrieren som kokk i 1904 på ei skute som gjekk på Nordlandsfarten. Han reiste nordpå eit par år, inntil han mønstra på i utanriksfart. I 1909 drog han til Amerika saman med forloveden Anna Jørgensdtr. Røen (1888-1989). Her stelte ho huset for farbroren til Martin i Sør-Dakota, medan Martin arbeidde på ein farm i nærleiken. Vel heime att i 1912 gifta dei seg. I åra som følgde segla Martin på Nordlandsfart att. I 1918 kjøpte han jakta «Brødrene», som han eigde fram til 1934. I 1928 kjøpte han saman med tre andre galeasen «Loyal», som tidlegare hadde vore eigd av ein annan tysnesing.

«Loyal» var den aller siste nordlandsfararen som forsvann frå Tysnes, etter å ha gått i fraktefart på norskekysten, Sverige og Danmark heilt fram til 1966. Berre det gjer skuta til eit historisk minnesmerke i seg sjølv. Såleis høver det ekstra godt at det nettopp er «Loyal» som har fått æra av å vera Tysnes kyrkje sitt kyrkjeskip. Det er Martin Kathenes sjølv som har laga den praktfulle skipsmodellen. Martin Kathenes var son av Gunnar Kathenes, ein av dei mest kjende skipparane frå tida med Nordlandsfart.


Kjelder