Mathias (Mads) Scaanning 1611 - 1673

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Mathias (Mads) Schaanning (f. 1611, d. 1673) var prest i VoldaSunnmøre frå 1640 til 1673. Han var frå Sorø, Ribe i Danmark og gift med Ingeborg Hansdotter Glad frå Bergen (f. 1616, d. ?). Med så mange år i same sokn er det tydeleg at Scaanning sette pris på dette prestekallet. Kallet medførde store inntekter. Scaanning hadde part i 22 gardar rundt om i soknet. Alle desse ga han innkomer. I tillegg hadde han presteløna og godt utbytte av prestegarden Halkjelsvik, som var både stor og veldriven. Ikkje rart at han «døydde som ein rik mann» (Aarviknes 1970).

Soknekyrkja i Volda var ei gammal stavkyrkje. I Scaanning si tid som prest fekk kyrkja fleire verdfulle gåver. I 1643 (truleg) ein del av ei større pasjonstavle. I 1664 fekk kyrkja både ny altertavle og ny preikestol. Begge var utførde av Christopher Eriksen Kiile. Preikestolen var kosta presten sjølv.

Epitafium

Epitafium i Volda stavkyrkje. Øydelagt ved brann i Volda kyrkje 1929
Foto: Johan Nerbøvik/Nerbøvik, Jostein. Løyndom og Røyndom. 2001 s.173

Vi må tru at Scaanning var avhalden som prest. Eit uttrykk for det er at kyrkja nokre nokre år etter at Scaanning var død fekk eit epitafium over presten Scaanning med familie. Epitafiet vart plassert godt synleg framme på venstre langvegg. Epitafiet var om lag 1,5 m høgt, utført i den rådande stilretninga på 1600-talet, - barokken. Innanfor denne stilretninga var utsmykkingar gjerne rik på detaljar, med overdådige ornament og fargar. Gjerne med rik treskurd. Slik var det også for epitafiet i Volda. Epitafiet skal også vere utført av Christopher Eriksen Kiile.

Den gamle stavkyrkja blei tatt ned i 1858 då soknet trong ei større kyrkje. Epitafiet vart flytta over til den nye kyrkja. Den nye kyrkja brann ned i 1929. Då gjekk epitafiet tapt.

Kjelder

  • Samtale med Jac Heltne (1937)
  • Aarviknes, Per (1970): Voldasoga I. Volda
  • Nerbøvik, Jostein: Løyndom og røyndom. Volda 2001 s. 173.
  • Store norske leksikon, 4. utg: Epitafium
  • Ørstavik, Ragnar (1982 s.6): Volda kyrkje 1932-1982. Volda
  • Busetnadssoga for Volda bd. 4a (2012) s. 305.


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Mathias (Mads) Scaanning 1611 - 1673 er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.