Mathilde Berendsen Nathan

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mai 2020 kl. 17:11 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Begynt på ein artikkel. Meir kjem.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mathilde Berendsen Nathan (f. 20. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia)) var ein pianist og komponist av dansk-jødisk bakgrunn.

Oppvekst og familie

Mathilde Berendsen vart fødd den 20. juni 1857 i København i Danmark som det femte av i alt åtte born av Esther, f. Ballin (18231905) og målarmeister Joachim Berendsen. Mora, Esther f. Ballin, vart i sin tur fødd i Vejle i 1823 åt Hanne, f. Peiser (18001862) og Joseph Joel (Yuzpa Yoel) Ballin (17891839). Mathildes morbror var den kjente dansk-jødiske grafikaren Joel Ballin (18221885).

I 1884 gifta ho seg med John Nathan, son av Nathan Nachmann Nathan. John Nathan var klesgrosserar av yrke. Etter at far hans døydde på jom kippur i 1897 og fram til 1903 var han forstandar for Det mosaiske Trossamfund i Kristiania.

Mathilde og John fikk tre born:

  1. Mary Nathan (f. 13. juni 1885 i Kristiania, d. 2. mai 1970 i Oslo)
  2. Einar Nathan (f. 23. desember 1886 i Kristiania, d. ca. 1. januar 1943 i Auschwitz)
  3. Sigurd Nathan (f. 1891 i Kristiania, d. 1961)

Musikken

Mathilde Berendsen Nathan studerte piano hos Edmund Neupert ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København og fikk etterkvart reisestipend for vidare studiar i Paris. Ho heldt konsertar både i København og Paris, og etterkvart òg i Brødrene Hals sin konsertsal i Kristiania. Etter påtrykk av mannen trappa ho ned konsertverksamheita og konsentrerte seg meir om komposisjon for klaver.

Politikken

Dei siste åra

Mathilde og John reiste til USA i 1920, og etterkvart busette dei seg i Italia, der Mathilde døydde den 22. februar 1926.

Kjelder