Mathilde Berendsen Nathan

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. jul. 2020 kl. 13:04 av Kallrustad (samtale | bidrag) (F-merking)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei første taktene av Ungarisch : Skizze, eit av dei mest populære pianostykka av Mathilde Berendsen Nathan.

Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og klaverkomponist av dansk-jødisk bakgrunn. Ho var gift med grosserar John Nathan og dei budde i Kristiania frå 1884 og fram til noko etter 1916. Mathilde Berendsen Nathan var blant dei meir populære norske komponistane i tida kring 1900. Ho skreiv i seinromantisk stil med eit pianoteknisk til tider virtuost preg, men samtidig med vekt på det sangbare og med ein del pedagogisk orienterte stykke.

Oppvekst og familie

Mathilde Berendsen vart fødd den 20. juni 1857 i København i Danmark som det sjette av i alt ti born av Esther, f. Ballin (18231905) og målarmeister Joachim Berendsen. Mora, Esther f. Ballin, vart i sin tur fødd i Vejle i 1823 åt Hanne, f. Peiser (18001862) og Joseph Joel (Yuzpa Yoel) Ballin (17891839). Mathildes morbror var den kjente dansk-jødiske grafikaren Joel Ballin (18221885).

Familien Nathan i 1897.
Bak fra venstre: Rosalie de Lemos f. Nathan, Adolph de Lemos, Sigrid de Lemos, Mathilde Berendsen Nathan, Hanne Cohen f. Berendsen og Siegward Bjerke.
Midtrekken, fra venstre: Nathan Nachmann Nathan, Emilie Nathan f. Zadig, John Nathan og Thekla Bjerke f. Nathan.
Barna, fra venstre: Frithjof de Lemos, Sigurd Nathan, Mary Nathan og Einar Nathan.

I 1884 gifta ho seg med John Nathan (f. 4. juni 1859, d. 20. november 1932), son av Nathan Nachmann Nathan som var forstandar i Det mosaiske Troessamfund i Christiania. John Nathan var klesgrosserar av yrke. Etter at far hans døydde på jom kippur i 1897, var han forstandar for Det mosaiske Trossamfund frå 25. mars 1898 og fram til 1903.

Mathilde og John fikk tre born:

  1. Mary Nathan (f. 13. juni 1885 i Kristiania, d. 2. mai 1970 i Oslo)
  2. Einar Nathan (f. 23. desember 1886 i Kristiania, deportert med M/S «Monte Rosa» den 19. november 1942, d. kring årsskiftet 1942/1943 i Auschwitz)
  3. Sigurd Nathan (f. 24. oktober 1891 i Kristiania, d. 22. juni 1961 i New York)

I 1913 averterte John forretningane sine til sals på grunn av sviktande helse, og salet kom i stand i 1914. Ikkje lenge etter selte han eigedommen i Store Strandgade til kommunen i samband med reguleringa av Jernbanetorvet. Dei neste åra var Mathilde og John Nathan mykje i Danmark og elles ein del på reisefot. Etterkvart busette dei seg i Italia. Mathilde hadde sviktande syn, men gav fremdeles ut ny musikk; op. 28 og 29 i Milano i 1925. Mathilde Berendsen Nathan døydde ved kurstaden i Merano i Nord-Italia den 22. februar 1926. John Nathan døydde den 20. november 1932 i Karlsbad.

Musikken

Konsertlokalet og pianofabrikken til Brødrene Hals i Stortingsgata 26 i Kristiania. Hovedinngangen til Christiania Tivoli i bakgrunnen.
Foto: Olaf Martin Peder Væring (ca. 1890)

Mathilde Berendsen Nathan studerte piano hos nordmannen Edmund Neupert (f. 1842 i Christiania) ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København og fikk etterkvart reisestipend for vidare studiar i Paris, der ho var elev av Madame Rabaud. Ho heldt konsertar både i København og Paris, og etterkvart òg i Brødrene Hals sin konsertsal i Kristiania. Ho trappa ned konsertverksamheita — det seiest at det var etter påtrykk frå mannen — og konsentrerte seg meir om komposisjon for klaver.

Konsertliste

Dato Lokale Stad Musikarar Repertoar Kommentar
8. september 1883 Brødrene Hals' Koncertsal Christiania Thekla Nathan, Mathilde Berendsen


Verkliste

Dette verkoversynet er basert på norske avisannonsar i kombinasjon med Magne Selands oversyn frå 1980[1] og Nasjonalbibliotekets katalog. Opusnummereringa går opp til 29, men nummer 6, 7, 9, 23 og 24 er såvidt kjent ubruka.

Opus Namn Publ.stad Utgjevar Datering Sidetal Kommentar
1 Tre Etuder for Piano («Etude melodique», «Studie», «Oktav-Etude») Christiania Warmuth 1890 7 tilegnet Forlæggeren
2 Polka Mignonne for Piano Christiania Warmuth 1890 3
3 Romance København Wilhelm Hansen 189? 5
4 Scherzo Kristiania Brødrene Hals 1893 7
5 Ungarisch : Skizze Kristiania Warmuth 1893 3 Seinare utgjeve på Norsk Musikforlag.
(6)
(7)
8 2 Klaverstykker («Barcarole», «Stemning») Kristiania Oluf By 1906 9
(9)
10 Capriccio Kristiania Oluf By 1908
11 3 Klaverstykker (Ved Afskeden, Sang uden Ord, Idyl) Kristiania Oluf By 1908 9
12 Vuggevise Kristiania Oluf By 1909 3
13 Gavotte Kristiania Oluf By 1909 5
14 Serenade Kristiania Oluf By 1911 5
15 6 melodiske Klaverstykker («Sehnsucht», «Impromptu», «Kinderspiele», «Nocturne», «Walzer», «Schmetterlinge») Kristiania Oluf By 1912 8+8
16 3 Præludier («Nr. 1 A[s]?-Dur», «Nr. 2 Fis-Mol», «Nr. 3 E-Dur (Religioso)») Kristiania Oluf By 1914 nr. 1 (1914): 7; nr. 3 (1917): 3 Kjeldene er ueinige om 1. preludiet er i A-dur eller Ass-dur.
17 Vaarvise Kristiania Oluf By 1915 3
18 Allegretto gracioso Kristiania Oluf By 1915
19 I tanker Kristiania Oluf By 1915 3
20 Romance i B-Dur Kristiania Oluf By 1920 3
21 Resignation Kristiania Oluf By 1920 3
22 Livsglæde Kristiania Oluf By 192? 5
(23)
(24)
25 Rondo Milano Carisch 1923
26 Valse Caprice Milano Carisch 1923
27 I gammel Stil København Wilhelm Hansen 1925 3
28 Vemod København Wilhelm Hansen 1925 3
29 Scherzino København Wilhelm Hansen 1925

Politikken

Fotnotar

  1. Seland, Magne: Kvinnelige komponister. Oslo : Statens bibliotekskole, 1980. Digital versjonNettbiblioteket

Kjelder