Matias Orheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Matias Sivert Orheim (fødd 26. juli 1884, død 1958) var ein salmediktar frå Stårheim i Eid i Nordfjord. Han skreiv om lag 1000 songar, komponerte 178 melodiar, og ga ut 13 diktsamlingar. Seks av salmene hans står i Nynorsk salmebok. Orheim var også predikant, bonde, romanforfattar og historikar.

Matias Orheim vart kristen under eit pinsestevne i Stårheim i 1900. Berre tre år etter kom den første diktsamlinga hans, Heimlokk. Orheim fekk ein augesjukdom i ung alder og mista etter kvart synet. Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1953, og på grava til Matias Orheim og kona Maria ved Stårheim kyrkje står det ei minnestøtte laga av Anne Grimdalen.

Kjelde