Matthias Foss

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Matthias Jørgensen Foss (fødd 8. mars 1714 i København, død 31. januar 1792 i Jostedalen) var sokneprest i Jostedal i mest 50 år, frå 1742 til han døydde. Han er mest kjent for Justedalens kortelige Beskrivelse, ei historisk-topografisk skildring han skreiv i 1750 (prenta 1802).
Foss var son av skipparen Jørgen Foss og vart cand.theol. i 1741. Den 5. mai 1741 vart han utnemnt til sokneprest i Jostedalen, og han kom til bygda og overtok prestekallet 7. april 1742. Han var gift med Marie Hedvig Christie Dreyer, og dei fekk seks born som ein kjenner til.
Foss kom raskt på kant med den vesle kyrkjelyden og var i to prosterettssaker 1745-46 og 1753 med allmugen. Han kom òg på kant med kona si, noko som førte til at det vart teke opp forhøyr i prosteretten i 1761. Dei vart separerte i 1763, og Marie Dreyer døydde lutfattig i Bergen i 1777. Tilhøvet til kona og allmugen er nok hovudforklaringa på at han aldri kom seg bort frå Jostedalen, noko han prøvde hardt på fleire gonger.
Justedalens kortelige Beskrivelse er ei viktig kjelde til samfunnstilhøva i Jostedalen midt på 1700-talet. Foss fekk òg oppleve framrykkinga til breane under den vesle istida. Når ein i dag veit at Nigardsbreen nådde sin fremste posisjon i 1748, er det takk vera skildringa til Foss.


Litteratur

Litteratur og kjelder om Foss hjå Jostedal historielag