Meåsvegen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Meåsvegen med husa på garden Meås søndre.
Foto: Roy Olsen (2018).

Meåsvegen i Nordbygdi i Seljord kommune går nordover frå Bygdaråvegen (E134) og deler seg i to greiner ved Meåsåsen, ei sør for åsen som endar ved garden Meås søndre, og ei nord til garden Bakken. Med båe greinene er vegen 1 340 meter lang. Han går gjennom skog og jordbrukslandskap.

Vegen, har namn etter Meåsgardane og vart namnsett i 2005.

På Meås var det fyrst brevhus, sidan postopneri.
I møte i heradstyre 8. desember 1908 bli det samrøystes talt til at det bli skipa til postopneri på Meås i Nordbygdi i staden for det brevhuse som hev vori der nokre år. Frå 1. juli 1909 kom denne skipnaden i stand. (Bygdesoga, Seljord I, s. 115)

Meaas postopneri blei opna 1. juli 1909 med landhandlar Kjetil T. Meaas, som nettopp hadde opna Meaas Landhandel, som postopnar/-styrar. I 1914 selde Kjetil Meaas landhandelen til Knut Lofthus og reiste med familien frå bygda. Frå 1. oktober 1914 overtok Knut Lofthus som ny postopnar/-styrar. Etter rettskrivingsreforma blei namnet endra til Meås i 1917. 1. januar 1986 blei 3846 Meås postkontor nedlagt. Etter nokre år blei også Meås Landhandel nedlagt, truleg omkring 1990. (Seljord Sogelag)

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Flatin, Tov: Seljord I. Seljord kommune 1942
  • Seljord Sogelag.


Koordinater: 59.46118° N 8.57536° Ø