Meieridrift i Aure kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 27: Linje 27:
Aure meieri vart nedlagt 30. april 1993.
Aure meieri vart nedlagt 30. april 1993.


[[Kategori:Aure kommune]]
[[Kategori:Næringsliv i Aure kommune]]
[[Kategori:Meieri i Møre og Romsdal]]
[[Kategori:Meieri i Møre og Romsdal]]
[[Kategori:Etableringer i 1893]]
[[Kategori:Etableringer i 1893]]

Sideversjonen fra 25. mai 2012 kl. 14:10

I Aure kommune vart det starta med meieridrift allereie på 1800-talet, på Stemshaug og i Todalen. I moderne tid vart det dreve meieri i Aure sentrum frå 1952 til 1993.

Meieria på Stemshaug og i Todalen

I 1893 vart Årvågsfjorden meieri skipa. Dette meieriet låg på Stemshaug, og vart nedlagt i 1907.

Todalen ysteri var i drift frå 1898 til 1930. Her vart det produsert geitost i ulike variantar.

Aure meieri

I 1951 bestemte årsmøtet i Nordmøre meieri at det skulle startast meieridrift i Aure sentrum. Det vart bestemt at meieriet til å byrja med skulle halda til i leigde lokale ved Aure samvirkelag.

Drifta ved meieriet tok til 1. oktober 1952. I den første tida produserte meieriet mellom anna ekte geitost og Gudbrandsdalsost.

Nytt meieribygg

I 1953 vart det bestemt at det skulle byggjast nytt meieri på Aure. Tomt vart gjeve gratis frå Aure kommune, og nybygget stod ferdig i 1956. Det nye meieriet byrja med produksjon av tilsiterost og litt kvit geitost. Produkta frå gammelmeieriet fylgde også med i den nye produksjonen.

Nytt produkt og utvidingar

Kring 1968 fekk meieriet melding om at produksjonen av tilsiterost skulle avsluttast. I staden skulle ein gå over til å laga skorpefri gouda. I 1969 vart det gjort ombyggjingar ved meieriet for å kunne gå over til produksjon av dette nye produktet.

På 80-talet byrja meieriet med produksjon av Norvegia. 9. januar 1981 vart det halde ekstraordinært årsmøte for meieriet. Her vart det gjort vedtak om at meieriet skulle utvidast til å handtera 10 mill. liter mjølk pr. år. Det elektriske anlegget vart fornya. Det vart også invistert i ny tankbilhall og nye råmjølkstankar.

Nedleggjing

Aure meieri vart nedlagt 30. april 1993.