Meland sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Meland sogelag i Meland i noverande Alver kommune vart stifta 23. mai 1989. Sogelaget arbeider «for å samla, ta vare på og gjera kjent og tilgjengeleg alt tilfang som har å gjera med ålmenn soge, gards- og ættesoge, levevis, folkeminne, stadnamn og mål i [tidlegare] Meland kommune».

I 2019 var det 51 medlemmer. Medlemstalet har gått ned frå kring 70 i 1990.

Leiarar

  • Lise Øpsen Eikeland
  • Arnt Brakstad (leiar i 29 år)

Kaspar Hansen har arbeidd med innsamling og oppbygging av ei samling av reiskap med meir i Sjøbua på Holmeknappen. Han har også vore med på å byggja opp fotosamlingar for Meland sogelag og Meland kommune.

Arbeid

  • Oppbygging og presentasjon av sjøbrukssamling i sjøbua på Holmeknappen.
  • Har vore med på det årlege arrangementet Kystsogedagane på Holmeknappen.
  • Innsamling og katalogisering av ca. 4000 foto.

Publikasjonar

  • Laget deltok i arbeidet med gards- og ættesoge for Meland kommune, som kom ut i 2004.
  • I samarbeid med Meland mållag har sogelaget levert lokalhistoriske artiklar til bladet Meland jul.
  • Fotobok om sjøbua på Holmeknappen (2019?).

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).