Melchior Yttri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. feb. 2016 kl. 08:56 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr, nn)
Hopp til navigering Hopp til søk

Melchior Yttri (Melchior Schjeldrup Nilsson Yttri) (fødd 15. november 1860, død 25. juli 1939) var frå garden Ytri i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av Nils Nilsson Yttri (1831-1919) frå Ytri og Anna Dorthea Melchiorsdotter (1829-1919) frå Kalhagen i Luster. Han gifte seg 24. april 1885 med Bertha Hermundsdotter (1864-1935) frå Bruheim.

Melchior Yttri hadde underoffisersutdanning og var fyrst sersjant, sidan fanejunker. Han åtte frå 1894 til 1914 morsgarden Kalhagen, men flytte aldri dit. I staden levde han og Bertha eit omflakkande liv som paktarar dei fyrste åra. Fyrst pakta dei Berget under Kjervik truleg frå våren 1893 og til 1894 då Melchior tok over som paktar i Jostedal prestegard. I 1900 flytte han og Bertha så til Løkken under Myklemyr, før Melchior igjen vart paktar i Prestegarden 1905-1909.

Den 15. mai 1909 fekk Melchior så skøyte på GrimoBjørk der han overtok landhandelen som Tøger Rasmusson Faaberg hadde teke til med i 1903. Melchior dreiv denne landhandelen ved Høgebrui til han overlet han til Per Hermundson Bruheim (uvisst år). Melchior og og Bertha vart buande på Grimo til dei døydde i 1939.

Melchior Yttri var sentral i drifta av Jostedal sparebank i ei årrekkje. Han var ordførar i forstandarskapet for banken i to omgangar, 1898-1903 og 1908-1926.

Han høyrde til det fyrste landsmålsmiljøet ein kjenner til i Jostedalen. Han var varamedlem til det fyrste styret i Jostedal mållag 1906-07 og aktiv i laget. Han var òg lokalhistorisk interessert og skreiv stykket "Om Jostedal og Jostedals-rypen" som vart prenta i Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn i 1939, same året som han døydde. Her har Yttri skrive ned ei av dei meir utbroderte versjonane av segna om Jostedalsrypa. Frå same året finst òg eit NRK-intervju der Melchior fortel segna om jostedalsrypa.

Melchior og Bertha fekk ni born. Av dei åtte som voks opp, utvandra fem til USA medan tre vart buande i Jostedalen.

Litteratur

Eksterne lenkjer