Mellemværftet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Mellemværftet.
Foto: Olve Utne (2007).

Mellemværftet i Kristiansund vart grunnlagt som skipsverft i 1856, og er i dag eit maritimt museum og museumsverft. Det er ein del av Nordmøre museum. Området som verftet ligg på, er i eldre kjelder omtalt som oppsettingsstad for jekter. Slike stader skal det ha vore få av i Kristiansundsområdet, og dei var ettertrakta.

Verftet har tre slippar, der dei kan ta imot farty på opp til 90 fot. Det er det einaste museumsverftet i Noreg, og nyttast mellom anna av Norsk Forening for Fartøyvern.

I 2017 var Mellomværftet vertskap for Forbundet KYSTEN sitt landsstemne.

10. september 2018 blei Mellemværftet freda av Riksantikvaren.

Galleri

Litteratur

Koordinater: 63.119360° N 7.729144° Ø