Michael Sundt Tuchsen Fasting: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Pirk: fjerner litt luft.)
Linje 9: Linje 9:
==Notar==
==Notar==
<references/>
<references/>


==Litteratur==
==Litteratur==

Sideversjonen fra 28. sep. 2010 kl. 09:03

Michael Sundt Tuchsen Fasting (fødd 30. november 1806 i Ortnevik i Høyanger, død 4. desember 1885 i Førde) vart student i 1827 og tok teologisk embetseksamen 13. september 1832. Deretter var han privatlærar i Bergen nokre år.

Sokneprest i Jostedalen

Han heldt si fyrste gudsteneste i Jostedalen 1. påskedag 1841 etter å ha vorte utnemnd 15. juli 1840. Sommaren 1841 vart den nye hovudbygningen i prestegarden reist, og Fasting og familien kunne flytte inn på hausten.[1] Som forgjengaren Kjeld Andreas Bugge vart Fasting ordførar i Jostedalen og hadde ombodet 1842-1845. Tidleg i februar 1846 gjekk det fleire snøskred i Jostedalen som raserte husmannsplassane Kleivi og Leteigen i Mjølvergrendi. Tre huslydar miste husværet og fleire vart hardt skadde, og Fasting skreiv eit stykke i Morgenbladet om den dramatiske hendinga.[2]

Jølster og Førde

Fasting heldt avskilstala si i Jostedalen 1. pinsedag 1846 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Jølster 16. juli 1845. 12. oktober 1857 vart han utnemnd til sokneprest i Førde der var han til han fekk avskil i 1880.

Notar

  1. Øvregard m.fl. 2010, s. 203
  2. Morgenbladet nr. 76, 17.3.1846

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Kjeld Andreas Bugge 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Christian Bastholm Heltberg 


Forgjengar:
 Lars R. Faaberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars T. Kronen