Militær rulle

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. des. 2011 kl. 18:56 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Militær rulle''' er ei nemning på dei listene over offiserar og mannskap som militære avdelingar har ført i alle fall sidan midten på 1600-talet. I nyare tid fekk kvar utskriven...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Militær rulle er ei nemning på dei listene over offiserar og mannskap som militære avdelingar har ført i alle fall sidan midten på 1600-talet. I nyare tid fekk kvar utskriven soldat sitte eige rulleblad, men det høyrer truleg 1900-talet til; før den tid vart det altså ført i form av lister.

På framsida av listene står det kva for avdeling (kompani og regiment) det gjeld, med namna på regiments- og kompanisjefen. Neste side har i alle fall på 1700-talet overskrifta «Prima Plana» og har leiinga i avdelinga: sjef og underordna offiserar. I listene frå 1600-talet finn ein òg dei nyare underoffiserane og sambandsfunksjonane tambur og piper (fløyteblåsar) på denne sida. Ut på 1700-talet blir gjerne underoffiserane lista opp på side 3. Resten av lista inneheld soldatane, normalt ordna etter kva for legd dei var utskrivne frå.

Det vart ført fleire slag slike rullar. Dei to vikigaste bevarte ser ut til å vere dei ordinære kompanirullene slik dei er skildra ovafor (kan òg vere nemnt «zahl-rulle») og dei såkalla «Hoved- legds- og ungt mannskaps» rullene. Desse siste er gjerne dei som har størst slektshistorisk interesse, for dei inneheld i prinsippet oversyn over alle mannkjønn i utskrivingspliktig alder (det varieret frå 15-17 år opp til 40-åraalderen). Begge rulletypene vart førte på dei miltære sesjonane, og ser ut til å ha vore brukte opp att fleire gonger slik at det kan vere gjort tilføyingar og overstrykingar, m.a. med informasjon om kvar det er blitt av karane.

Ved etableringa av Arkivportalen er det blitt mykje enklare å leite seg fram til slike kjelder også i dei enkelte statsarkiva.

Litteratur og kjelder