Militær rulle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Framsida på ei militær rulle frå 1775.

Militær rulle er ei nemning på dei listene over offiserar og mannskap som militære avdelingar har ført i alle fall sidan midten på 1600-talet. I nyare tid fekk kvar utskriven soldat sitte eige rulleblad, men det høyrer truleg 1900-talet til; før den tid vart det altså ført i form av lister.

Ordning

På framsida av listene står det kva for avdeling (kompani og regiment) det gjeld, med namna på regiments- og kompanisjefen. Neste side har i alle fall på 1700-talet overskrifta «Prima Plana» og har leiinga i avdelinga: sjef og underordna offiserar: alltid kompanisjef og premierløytnant, mens den tredje offisersstillinga, fenrik eller sekondløytnant, i periodar var inntrekt og manglar i rullene.

I listene frå 1600-talet finn ein òg dei nyare underoffiserane og sambandsfunksjonane tambur og piper (fløyteblåsar) på denne sida. Ut på 1700-talet blir gjerne underoffiserane lista opp på side 3. Resten av lista inneheld soldatane, som òg ser vere kategoriserte. Graden gefrider (visekorporal) står på 1600-talet rett etter korporalane, men er på 1700-talet påført dei aktuelle soldatane i den løpande lista, til dels med bestemte mellomrom (ca. kvar tiande), noko som kan syne attende til ei form for underorganisering i lag. Tømmermenn, grenaderar og musketerar kan stå blant dei ordinære «gemene» (meinige).

Underoffiserslista er òg sett opp i nummerrekkjefølgje. Nr 1 var sersjanten eller kommandersersjanten, nr 2 var fureren og nr 3-5 var korporalane. Desse numra refererer eigentleg til stillingskategoriar i moderne forstand; det kan t.d. stå ein person med høgare grad (offiser) i som korporal i ei slik rulle.

Fleire slag ruller

Det vart ført fleire slag slike ruller. Dei to viktigaste bevarte ser ut til å vere dei ordinære kompanirullene slik dei er skildra ovafor (kan òg vere nemnt «münster-rulle» - mønstringsrulle) og dei såkalla «Hoved- legds- og ungt mannskaps»-rullene (kan vere nemnt «Zahl-rulle»). Desse siste er gjerne dei som har størst slektshistorisk interesse, for dei inneheld i prinsippet oversyn over alle mannkjønn i utskrivingspliktig alder (det varieret frå 15-17 år opp til 40-årsalderen). Begge rulletypene vart førte på dei miltære sesjonane, og ser ut til å ha vore brukte opp att fleire gonger slik at det kan vere gjort tilføyingar og overstrykingar, m.a. med informasjon om kvar det er blitt av karane. Frå 1795 vart det påbode å føre stamruller over alt mannkjøn i kompanidistrikta, ikkje berre dei som var i utskrivingsalder. På Digitalarkivet er nokre slike for Oppland dataregistrerte (søk på «stamrulle» i databaseveljaren).

Det finst òg ruller knytt til spesialoppdrag. I periodar skulle dei nasjonale regimenta sende eit utval befal og soldatar til festningsarbeid på Kongsvinger eller Fredrikshald. I år 1758-63 skulle fleire nasjonale regiment sende avdelingar til vaktoppdrag i Holstein. I arkiva finn dei derfor gjerne slike ruller med eit utval befal og soldatar frå eitt eller fleire kompani i same rulle. Dei kan t.d. ha nemninga «Grenader Rulle» o.l.

I den perioden landvernet var oppsette som eigne avdelingar kan det finnast eigne ruller for desse. Men listene over landvernsoldatar kan òg ligge som forlenging av den ordinære kompanirulla.

Det skulle førast fleire kopiar av rullene (til regimentet og høgare nivå). Det kan derfor ofte finnast dublettar av same rulla i forskjellige arkiv (Kiil s. 223f).

I ein del kompaniruller frå 1700-talet er det òg med oversikt over det materiellet kompaniet forvalta. Desse listene kan vere nokså detaljerte: kva slags uniformar (med fargekombinasjonar), våpen, ammunisjon og anna utstyr som kompaniet forvalta, talet på dei forskjellige «sorter», slitasjen, når dei var «anskaffet» m.m.

Tilgang og informasjon frå Arkivverket

Ved etableringa av Arkivportalen er det blitt mykje enklare å leite seg fram til slike kjelder også i dei enkelte statsarkiva.

I 2017 la Arkivverket ut nærare informasjon slike kjelder, særleg nyare.

Litteratur og kjelder