Mjølkerampe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein mjøkrampLjustadTustnaNordmøre.
Foto: Olve Utne (2010).

Ei mjølkerampe (Mal:Nyn./Mal:Bokm.) eller melkerampe (Mal:Bokm.), dialektformer inkluderer mjelkeramp(e), melkramp, mjøkramp o.a., er ei plattform, ofte med vegger og tak, attmed vegen der mjølkspannene vart plassert så mjølkeruta lettast muleg kunne hente dei. Mjølkeramper vart vanlege frå kring 1920-åra og framover, da det vart sett opp mjølkeruter i staden for at bøndene sjølve førte mjølk og eventuelle foredla meieriprodukt til meieriet. Med overgangen frå mjølkespannslevering til tankbil i løpet av 1960- og 1970-åra vart det slutt på primærfunksjonen til mjølkerampene, men mange av dei står framleis — no som busskur, postkassestativ, bossdunkskur o.l.

I Kulturminneåret 2009 vart sju mjølkeramper freda i Selbu kommune. Fredingane omfattar heile byggverka med understell, platting og overbygg. Formålet med fredingane er å ta vare på mjølkerampene som eit uttrykk for korleis mjølkeproduksjonen på norske gardsbruk vart drive og distribuert i ein viktig endringsperiode for landbruket på midten av 1900-talet. Hensikta er vidare å ta vare på eit utval mjølkeramper som eksempel på ei tidlegare vanlig og utbreidd form for anonymarkitektur som no er i ferd med å forsvinne. Eit anna formål med fredingane er også å ta vare på rampene som døme på viktige sosiale møteplassar og sentrale arenaer for utveksling av nyheiter og litt sladder i mange bygder.

Bildegalleri

Austlandet

Østfold

Akershus

Oslo

Hedmark

Oppland

Buskerud

Vestfold

Telemark

Agder

Aust-Agder

Vest-Agder

Vestlandet

Rogaland

Hordaland

Sogn og Fjordane

Møre og Romsdal: Sunnmøre

Midt-Norge

Møre og Romsdal: Romsdal

Møre og Romsdal: Nordmøre

Sør-Trøndelag

Nord-Trøndelag

Nord-Norge

Nordland

Troms

Finnmark

Andre land

Sverige

Island

Lenkjer